Englandtur mars 2004

Reisebeskrivelsar frå Japan er det mange av, men dette handler om ein tur til England. Me hadde ikkje koi i tankane då me reiste på gamle Jupiter over Nordsjøen. Denne turen tek faktisk lengre tid enn koi med flyfrakt frå Japan. Så det var heilt uaktuelt å ta med koi heim. Me var mest interessert i utstyr og få snakke med dei største innen koi der borte. Og med litt planlegging fekk me tid til mange besøk på dei 4 dagane.

Dag 1
Båten ankom Newcastle klokka 18.00 kvelden før og då var butikkane stengt så det var berre å kjøre sørover til Trevor og East Riding Koi som ligg ca. 200 kilometer sør for Newcastle på østkysten. Det var lurt å lokalisere dei ein skulle besøke kvelden før slik at ein ikkje kaster vekk tid på dagen. Me troppa opp framfor det store kvite huset til East Riding Koi klokka 9 om morgonen. Friske og opplagt får ein vel sei. Trevor slapp oss inn i hagen bak huset og der dukka det opp ein stor dam med masse koi. Det var her kjæledeggane deira gjekk. Dammen var oppvarma og dekka til med ein plastpresenning med luftputer som var tilpassa fasongen på dammen. Slik at varmetapet vart mindre.
Den fisken som gjorde mest inntrykk her var den enorme speilkarpen «Blackie». Heilt til høgre på bildet.

Trevor har dei flottaste internettsidene og han brukar mykje av sin tid på dette der også dei fleste kundene hans kjem frå. Denne familiebedrifta med kone og svigersønn aktivt med eksporterer varer til mange land, også til Norge. Ellers går det i koi, heimeavla koi. Før importerte han frå Japan, der han også har reist utallige gongar og plukka ut koi saman med f.eks. Peter Waddington. Men så var han uheldig og fekk KHV for to år sidan som tok knekken på all fisk. Dette var ikkje berre ein tragedie men også eit enormt økonomisk tap. Dei bar ut store sekkar med døde koi i dagevis og prisen på ein slik koi (levende og frisk sjølvsagt) var rundt 150 000 kroner!! Så kanskje ikkje så rart at han no satsar meir på utstyr og heimeavla koi etter dette.

Bak i hagen er butikken med utstyr, samt ein stor dam i drivhus og eit rom med mindre dammar (bilde) der fjorårets yngel gjekk sortert i dei ulike dammane etter størrelse. Bak den runde dammen står to Nexus 200 nedi et filterrom. Desse tek seg av dei to runde dammane. På motsatt side står ein Nexus 300 med Answer og sandfilter som filtrerer dei to andre dammane med yngel.
Dammen ute har eget filterhus som består av ni kjempestore vortex.
Det blei masse tedrikking og hyggeleg koiprat. Me handla det utstyret me skulle ha pluss litt til, pakka det inn i bilen og sa adjø og så var me på vegen att. Heile dagen var gått med i denne litt forblåste småbyen Flamborough i East Riding Yorkshire. Tida går altfor fort i hyggeleg selskap. Trevor gav oss gode råd på valg av utstyr, og fortalte kva som var dårleg og kva som var bra. Her kjem me gjerne attende.
Sidan det ikkje var tid til fleire besøk denne dagen satte me straks kurs vestover mot Manchester og Golborne for å kunne starte tidleg neste dag.