Chloramine
Kloramin T
Som Kaliumpermanganat er også Kloramin T et allsidig middel til bekjempelse av parasitter, bakterier (Gram+ og Gram-), virus og sopp. Dei er begge relativt rimeleg i innkjøp og det skal små mengder til, sjølv i ein stor dam. Kloramin T er eit desinfeksjonsmiddel med lav giftighet mot fisk og er biologisk nedbrytbar. Det er ikkje påvist resistens på bakterier eller parasitter ved bruk. Dette er ein stor fordel sidan stoffet er mykje brukt på koi.
Kloramin T brytes fort ned i sollys så det er best å starte ein behandling av dam i overskya vær eller på kvelden. Bruk briller og støvmaske ved håndtering av Kloramin T. Unngå innånding og hudkontakt. Kloramin T vil være virksomt (aktivt) i opptil 12 timer. Dermed kan ein starte ny behandling neste kveld osv.
Kloramin T virker mot parasittar som: Gyrodactylus, Dactylogyrus, Ichthyophtirius Multifilis (kvite prikker) og Ichthyobodo necator (Costia). Også virksom mot Chilodonella og Trichodina. Ellers er det virksomt mot ei rekke bakterier, virus og sopp. Mykje brukt mot f.eks. bakteriell gjelle sykdommer, reduksjon av patogene bakterier i dam, munn- og finneråte (flexibachter)
Dessuten når fisk legger seg over på siden som ofte er eit tegn på ein bakteriell infeksjon.
Det er eit par ting ein må ta hensyn til ved dosering med Kloramin T. Sjekk pH og GH før du behandler. Kloramin T er meir giftig for fisk ved lav pH og i mjukt vatn. Temperatur i vatnet skal heller ikkje ligge under 12,5 grader når ein behandler. Ha Kloramin T i oppmålt dose i ei bøtte og bland godt ut i vatn. Viktig at alle krystaller er oppløyst slik at ikkje koi får desse i gjellene. Ha blandingen gradvis i dammen i løpet av ein time. Stopp mating under behandling. Slå av UV og ha godt med lufting. Ein kan også slå av eller koble frå filteret dei første timene hvis ein vil være på den sikre sida og unngå tap av bakterier i biofilteret.
Behandling av dam med Kloramin T for å redusere skadelege bakterier er ein mild dose som ikkje vil skade koi sjølv med lav pH.
Oppblomstring av skadelege bakterier i ein dam kan fort komme ut av kontroll og resultere i angrep på fisk. For å redusere bakterienivå i dam har ein i 1-2 gram pr. 1000 liter. Gjenta behandling etter 24 timer i 3 dager.
Ved angrep av parasitter bruker ein litt sterkare dosering. Sjekk tabellen under. Gjenta behandling etter 24 timer i 3 dager. Så la det gå 4 dager og ta en behandling til. Etter 14 dager kan en gjenta hele behandlingen om nødvendig.
Maks dosering uten skader på koi/gullfisk er 20 gram pr. 1000 liter. MEN da med høg pH og GH. Sjekk ut tabellen under. Hvis ein er usikker så kan ein teste ut dosering i mindre skala først i eit kar før ein behandler heile dammen. Det er ikkje lett å behandle mot parasitter i ein dam p.g.a. organisk materiale som vil svekke effekten av kloramin T. I motsetning til Kaliumpermanganat der ein ser fargeendring og dermed kan justere mengd etter behov er Kloramin T fargelaust. Best kontroll vil ein ha ved å behandle koi i reine kar med god vannkvalitet og med 20-50% vannbytte mellom kvar behandling.
Husk også å sjekke pH og GH før dosering. Vel lav pH/GH skal ein dosere langt mindre enn vel høg pH/GH.
Dosering av Kloramin-T etter pH og GH
pH | Mjukt vatn Dosering (mg/l) | Hardt Vatn Dosering (mg/l) |
6.0 | 2.5 | 7.0 |
6.5 | 5.0 | 10.0 |
7.0 | 10.0 | 15.0 |
7.5 | 18.0 | 18.0 |
8.0 | 20.0 | 20.0 |