Costia

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Parasitter: Flagellater | Ciliater | Sporozoa | Trematoder | Ormer | Lus

Costia er svært liten (5-15 µm) men den kan likevel drepe store mengder fisk. Den har form som ein nyre eller bønne. Eller som små komma (,) som stikk inn i huda eller gjeller med den tynne enden.
Costia er ein effektiv patogen i vatn ned til 2 grader og opp til 29 grader. Dei reproduserer seg i forrykande fart. Etter 2 veker kan så mange som 10.000 parasitter tellast innanfor 1 kvadrat cm på fisken!
Mest vanleg med infeksjonar om våren når fiskens immunforsvar er svakt.

Ein skal mistenkje Costia når mange fisk dør, finner blir raudleg, fisken utskiller slim (grått melkeaktig belegg), finnene klemt inn til kroppen, fisken klør seg, fisken har pusteproblem, kjem opp etter luft. Gjellene er bleike og dekt med slim. Mikroskopi vil kunne bestemme om det er Costia då ei rekke andre parasitter har samme symptom. Sidan Costia er så liten må ein ha eit litt kraftigare mikroskop med 100X forstørring. Behandling:
Salt. MEN det finnes no Costia som er blitt resistent mot salt. Sjølv doser opp til 0,6% har ingen effekt. Derfor er alternativet no blitt Kaliumpermanganat som er effektivt.

Parasitter Flagellater
Costia: Info
Hexamita: Info
Oodinium: Info
Spironucleus: Info
Trypanosomes: Info