Formalin

Formalin er eit sterkt antiseptisk middel og er egentleg Formaldehyd oppløyst i vatn. F.eks. 35% løsning med formaldehyd i vatn og ofte litt metanol. Metanol er ikkje bra for koi og aller værst for småkoi som ofte stryk med under bruk av formalin. Så Formalin uten metanol er best hvis ein får tak i det. Formalin forbruker store mengder oksygen så her er det viktig med god lufting ellers dør fisken av surstoffmangel.

Behandling av dam med Formalin.
Formalin vil berre fungere effektivt i dam med temperaturer mellom 18-26 grader. Ved for kaldt vatn vil den legge seg på bunnen i dammen da den er tyngre enn vatn og ikkje mikse seg som ved varmere temeperaturer. Mangel på oksygen i ein varm dam over 26 grader vil ein risikere at fisken dør hvis ein i tillegg bruker formalin som vil ytterligere redusere oksygenet. Formalin er meir giftig i bløtt vatn, surt vatn og varmt vatn. Så det er eindel faktorer som ein må tenke gjennom før ein bruker Formalin. Ein bør vel nevne at formaldehyd er giftig for oss også. Vil ikkje anbefalle brukt i akvariet inne i hus. Dette er både kreft- og allergiframkallande. Bruk kun ute i friluft eller i eit godt ventilert rom.

Dosering Formalin 37% 50 ppm. D.v.s. f.eks. 2 ml. formalin pr. 40 liter vatn. I større målestokk: 50 ml til 1000 liter vatn. Etter at du har hatt dette i dammen eller tanken/akvariet du skal behandle, vent 2 timer. Ikkje lenger! Tapp ut 50% av vatnet. Det er best om ein fjerner vatnet i bunnen og gjerne støvsuger litt. Fyll opp med reint vatn. Gjenta behandlingen opp til 5 gonger kvar dag eller anna kvar dag. Desinfisering av planter som kan ha parasitter, egg o.l. kan du bruke 3 ml. pr. 40 liter vatn og la dei stå i dette i 12 timer.

Ein annan metode er at du fyrst tømmer ut 50% av vatnet så har du i formalin (samme dosering) og venter 1 1/2 time. Så fyller du opp med vatn og dermed halverer dosen med formalin. Denne behandlingen er meir virksom, men ein kan lett miste mindre fisk og spesielt doitsu er utsatt.

Den siste metoden er den gamle som går ut på at ein har 1 ml. formalin pr. 40 liter (25 ppm) og lar dette bli i systemet. Filteret vil lide og oksygen blir det også dårlig med. For hver 5 ppm Formalin går 1 ppm oppløst oksygen tapt. Så det er store tall det er snakk om og ved det minste tegn til pusteproblem så skift ut vatn (ca. 30-40%) Og kjør på med meir luft.

Korte bad med Formalin: 5 ml pr. 40 liter i 30 minutt.