Ichthyophtirius

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Parasitter: Flagellater | Ciliater | Sporozoa | Trematoder | Ormer | Lus

Ich (Ichthyophthirius multifilis)

Dette er ein parasitt me ofte treff på tidleg innan hobbyen vår. Mens me enno veit lite om vasskvalitet, nitrogensirkelen og karantene.
Ich legg seg i cyster under huda på fisken og gir den kvite prikker over heile kroppen og finner.
I nokre tilfeller er prikkane ikkje synleg andre plassar enn på gjellene. På dette måten kan smitte komme inn uten at ein merker det. Sjølv etter karantene.
Hvis ein fisk får Ich og overlever dette uten behandling utvikler den immunitet mot ny infeksjon.
Det kan hende ein kjøper ein ny fisk til ein dam der fiskane er bærere av ich men immune vil denne nye fisken straks verta smitta etter at den er satt ut i dammen.
Dette tyder på at det vil være muleg å lage ei vaksine mot Ich.
Livssyklusen til Ich er 2-5 dager, men kan være lengre (over 5 veker) hvis vatnet er kaldt.
Cystene utvikler seg under huda og når dei er klar dett dei av og ned på botnen. Der kjem det ut ein sverm av nye ich som vil leite etter ein ny vert og lage nye cyster på.
Det finnes ein variant som ikkje dett av fisken men som klekker ut under huda på fisken og er dermed beskytta mot medisinering. Dette liknar meir på carp pox, større, flatare og voksaktige. Denne er værre å få has på enn dei frittsømjande parasittane.

Behandling:
0,3% salt drep dei nye frittsømjande parasittane. Behandlinga kan kortast ned ved å sette opp temperaturen slik at cystene modnast fortare og klekkjer.

Steg for steg:
Dag 1.
Steg ein:Sjekk vatnet for ammoniakk og Nitrit. Sjekk pH og juster om nødvendig til 7.4.
Steg to: Bytt ut 30% av vatnet.
Steg tre: Ta vekk alle planter frå systemet
Steg fire: Bland ut salt i vatn og ha det i systemet. Dosering: 0.1% (1 gram pr. liter vatn)
Steg fem: Juster termostaten til 27 grader.
Dag 2
Steg seks: Ha i meir salt (1 gram pr. liter vatn)
Dag 3
Steg sju: Ha i meir salt (1 gram pr. liter vatn) Du har no totalt 0,3% saltoppløsning i systemet. Hvis fisken ved dag ein dør fort kan du tilsette alt saltet ved dag 1.
Dag 10
Steg åtte:Sjekk om ammoniakk, nitrit og pH om alt er normalt.
Dag 14-21
Steg ni: Ein kan begynne å bytte ut vatn for å fjerne saltet. Plantene behandles med formalin før dei settes tilbake i systemet.

OBS: Hvis du ikkje set opp temperaturen under behandling vil det ta 5 eller fleire dagar før siste prikk er borte.
Hvis du set opp temperaturen vil det ta 3 dagar før siste prikk er vekk.
På dag ein og to, sjølv om du saltar, vil nye prikkar komme fram. Dette er fordi desse parasittane kom seg under huda rett før salting. Dei vil lage cyste, dette av og dø i ein syklus som tek 2-3 dagar. Så ikkje mist tolmod med salt. Det vil virke!

Ingen god alternativ behandling fordi medisineringen skal gå over lengre tidsrom for å ta knekken på all ich i heile sin livssyklus. Salt er skånsomt og virker så lenge ein har det i systemet. Andre middel må ein stadig tilsette fordi virkning avtek over tid (oksydering).

Parasitter Ciliater
Ichthyophtirius Multifilis: Info
Trichodina: Info
Chilodonella: Info
Tetrahymena: Info
Epistylis: Info