Oodinium

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Parasitter: Flagellater | Ciliater | Sporozoa | Trematoder | Ormer | Lus

Er pæreforma og størrelse frå 20 til 100 µm og forårsaker det som også kallast fløyelssyke. Dette ser ein som et grått fløyelsaktig lag på fiskekroppen.
Infisert fisk klør seg og kan slutte å ta til seg mat. Når fisken er smitta av dinosporer, som er umodne frittsømjande oodinium organismar, fester desse seg i huda og gjellene på offeret med sine flageller. Dinosporen sende ned ein skarpt syltynt rør som den syg ut all innhold i hudcellene. Ved stort angrep vil hudoverflata bli ødelagt og det oppstår sår.

Dinosporene begynner å svelle opp ettersom dei syg ut næring og nå dei har fått nok slepp dei taket på fisken og synker til bunnen i dammen. Her vert dei omdanna til cyster som igjen fylles med dinosporer. Cysten svulmer opp og punkteres slik at dei nye dinosporene slepp ut og vil leite etter ein ny vert innan 48 timar. Livssyklusen tek 10 dagar.
Tegn på oodinium:
1. Fisken mister sjel og hud. Ikkje lokalt men over heile fisken.
2. Huden mellom finnetrådene eroderer.
3. Finnene ser ut som dei er slått mot ein stein, eller med splitt i endane. Oodinium drep ikkje fisken fort. Den blir berre sjukare og sjukare, blir meir raud, mister meir skjel og meir hud, til den til slutt går inn i sjokk og dør.

Behandling:
Formalin 37% eller Kobbersulfat. Problemet med kobber er at det er farlig ved den minste overdosering.
Formalin: 1ml. pr. 40 liter. Vent 24 timer, bytt ut 30% av vatnet, nye 1ml pr. 40 liter, vent 24 timer, bytt ut 30% vatn, nye 1ml. pr. 40 liter osv heile 10 dagar til ende.
Alternativ behandling: 0,5% salt i nokre dagar eller få temperaturen over 30 grader
For diagnose treng du eit mikroskop, og hud skraping, og gjelle biopsy.

Parasitter Flagellater
Costia: Info
Hexamita: Info
Oodinium: Info
Spironucleus: Info
Trypanosomes: Info