Saprolegnia
Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Sopp: Saprolegnia | Branchiomyces | Dermocystidium | Ichtyophonus
Soppinfeksjon på koi er i dei aller fleste tilfeller forårsaka av soppen Saprolegnia.
Ein slik soppinfeksjon kjem alltid etter ein stressfaktor. Fisk som hoppar ut av dammen og sprett rundt, fisk som har skader og sår. Soppen er aktiv frå 2 til 30 grader, men mest vanleg om vinteren og ved lave temperaturer nå fisken har nedsatt immumforsvar. Soppen ser ut som bomull og kan ha grønfarge p.g.a. alger. Ein kan identifisere soppen med mikroskop (100x).
Soppen kan drepe fisken hvis ubehandla. Går den på gjellene eller trenger inn i fisken og øydelegg osmosereguleringa er det fare på ferde.
Flexibacter bakterien liknar veldig på denne soppen så hvis ikkje antisoppmiddel fungerer er det truleg grunnen.
Under mikroskop kan ein sjå soppen som eit tre med greiner
Behandling:
Kaliumpermanganat er tingen når det er snakk om sopp. Den tar alle typar og dessutan desinfiserer såret der soppen er. Formalin og malakittgrønn er ogå mykje brukt og fungerer greit mot soppinfiserte egg. Men malakitt grø er svært giftig og med bivirkning.
Bronopol vert forresten brukt mot soppinfeksjoner med Saprolegnia sp. på lakseegg og yngel etter at malakitt grønn vart forbudt.
Me har hatt minst to tilfeller på koi med denne typen soppinfeksjon. Det var etter at dei satt fast i damnettet. Dei blei tatt inn og soppen skrubba bort med kaliumpermanganat og satt i akvarium med 0,3% salt til dei var frisk og klar til å settast ut igjen.