Carp Pox

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Virus: Lymphocystis | Carp Pox | KHV | SVC

Sjukdommen kjem gjerne om vinteren når temperaturen i vatnet er låg, og ein ser gjerne dette på våren. Ufarleg virus, men kan føre til deformerte finner p.g.a. sårdanning (bilde av Keiko) hvis ein ikkje behandler. Utbrudd ser ut som gråkvite dråper av voks på finner og hud. Viruset er ikkje veldig smittsomt og dei fleste koi ser ut til å «vekse» det av seg etter eit angrep, truleg ved at dei utvikler antistoff. Mens andre koi han ha fleire år med utbrudd av viruset

Behandling er varme. Ta fisken inn i akvarium e.l. Bruk ev. varmekolbe hvis det trengs. Husk godt med lufting ved høg vanntemperatur. Hurtig fjerning ved å gradvis auke temperaturen opp til minst 28 grader og max 30 grader. Temperaturen skal ikkje hevast for fort. Max ein grad pr. 2. time. Ved denne temperaturen dør viruset etter ein dag og ein kan gradvis senke temperaturen igjen. Dette kan ta frå 3 til 14 dager alt etter start-temperatur og hastighet på oppvarming. Ein kan også behandle med jevn varme over 20 grader i ca. 14 dager eller til ein ser at viruset er vekk. Hvis ein har stabilt varmt vatn i dammen om sommaren på over 20 grader vil viruset kunne forsvinne på fisken av seg sjølv. Men det er ikkje alltid det skjer i ein norsk sommar…