KHV

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Virus: Lymphocystis | Carp Pox | KHV | SVC

Koi Herpes Virus blei fyrst oppdaga i Israel og har seinare spredd seg til alle verdsdeler. Viruset vert no funne oftare i dammar om sommaren når temperaturen er oppe i rundt 18-28 grader. Dødelighet er oppe i rundt 80% av alle koi i dammen. Andre fisk som stør, gullfisk, vederbuk og sutter er upåvirka av KHV.

Symptomene er ulike da viruset ødelegg immunforsvaret. Men ofte ser ein at fisken vert svak, slutter å ete, produserer ekstra slim. I seinare stadium problem med orientering, øynene huler inn, gjellene råttner og fisken er død innan ei veke. Smitten spres gjennom vatnet og fugler kan dermed spre smitten frå dam til dam. Inkubsjonstid frå smitte til utbrudd er 2 veker. Viruset smitter også vertikalt frå foreldre til egg og sperm.

Smitte kan enklast påvisast ved PCR der ein sjekker viruset på DNA sekvens. Dette tek vanlegvis ein dag. Ellers vil kultivering av viruset ta 2 veker før eit resultat er klart. Alle metodar er brukt på død fisk. Ein håper at det i framtida skal bli mulig å teste levande fisk ved blodprøver eller slimprøver. Det skumle er at ein i dag ikkje kan påvise viruset i fisk uten symptom. Dermed kan fisk som er bærer av viruset være ein stor fare for spredning.

Behandling av KHV er varme. Koi tåler max 35 grader og ein skal opp i over 30 grader i to veker! Dette er varmt og umulig å få til ute i dammen. Så fiskene må inn i varme kar med god lufting og moderasjon i mating. Temperaturen skal ikkje hevast for fort. Max ein grad pr. 2. time. Det finnes ikkje medisin mot KHV, men Chloramine-T, Akriflavin og kobbersulfat har vist litt effekt. Har ein hatt utbrudd i dammen så desinfiser med overdose av kaliumpermanganat. Alternativ tøm dammen og la den stå tørr ein måneds tid. Hvis nokre fisk har overlevd så husk at dei kan smitte ny fisk. Dette er det imidlertid delte meiningar om. I Israel hevder dei at fisk som har overlevd KHV ikkje vil smitte andre fisk. Dei avler no fram koi utsatt for KHV for å få fram immune koi mot dette viruset. Andre hevder derimot at desse koiene kan smitte andre. Uansett bør ein ta forholdsregler. Alternativ er å avlive dei koiene som har overlevd og starte på nytt eller vente minst 2 månader før du har ny fisk i dammen.

Karantene av ny fisk skal helst vare 2 månader og i temperaturer på minst 18 grader. Ein annan metode er å ta ein fisk frå dammen saman med dei nye. KHV bryt vanlegvis ut etter ein periode med stress som f.eks. transport. Ellers er det viktig her som ellers med godt vatn, god mat og god plass for å unngå problem.