Nitrogensirkel

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Vatn: Nitrogensirkel | pH | Oksygen | KH

Forstå Nitrogen-sirkelen

Sirkelen går kort ut på at ammonium vert produsert av fisken. 75% frå gjeller og 25% frå nyrer. Ammonium er giftig for fisken, men Nitrosomonas bakterien bryt ned ammonium før fisken tek skade av dette og produserer Nitrit. Nitrit er også giftig for fisken, men nitrobacter, ein annan bakterie bryt nitrit ned til nitrat som ikkje er giftig hvis det ikkje blir for store mengder. Nitrat er faktisk mat for planter og alge. Nitrat kan bli et problem hvis det ikkje er nok plantar og alger. Ein får då ein overgang til N2 /molekylært nitrogen).
Syklusen tek normalt 4-6 veker. D.v.s. at i ein ny dam eller tank tek det lang tid før desse bakteriane er på plass i såpass store mengder at dei kan ta seg av avfallstoffa.I mellomtida lider fisken under store mengder ammonium og nitrit i vatnet.

Nitrifikasjon går over to trinn og foregår ved hjelp av bakteriekulturar som oksyderer ammonium. Bakteriene er autotrofe, det vil sei at dei bruker CO2 og O2 til egen metabolisme (stoffskifte) og vekst. Ammonium omdannes til NO2 (nitritt) av bakteriegruppen Nitrosomonas og videreføres frå NO2 til NO3 (nitrat) av bakteriegruppen Nitrobacter.

Kor effektiv nitrifikasjonsprosessen er avheng av fleire faktorar. Stor konsentrasjon av ammonium, rikeleg med oksygen og høg temperatur.
Hastigheten i prosessen er avhengig av pH og salinitet.
Ammonium (NH4)
kjem som sagt for det meste frå fisken og mest frå gjellene. Så om ein slutter foring av fisken vil den likevel skille ut betydeleg mengder ammonium. Ammonium er tross alt mykje mindre farleg enn Ammoniakk (NH3). Ein unngår omdanning frå ammonium til ammoniakk ved å senke pH-verdien, senke vanntemperatur og tilsette salt. Ammoniakk som er ekstremt farleg får ein altså ved høg pH (f.eks. frå 8.0 og oppover), høg vanntemperatur og lite/ingen salt-tilsetning. Også eindel bakterier produserer ammoniakk frå matrester o.l. Tiltak ved ammoniakk er 1/3 utskifting av vatn kvar 12. time. Zeolitt (hvis vatnet ikkje er tilsatt salt) vil fjerne amoniakk, god lufting. På lengre sikt finn ut kva som er problemet, sett inn et bedre filter, reduser antall fisk og foring.

Nitrit (NO2)
Nitrit er mindre giftig enn ammoniakk. Måleverdien skal ikkje overstige 0.1mg/l. og er farleg ved 2mg/l og oppover. Høge nivå av nitrit fører til at fisken ikkje kan ta opp oksygen og den dør. Nitrit er mindre giftig ved høg pH, hardt vatn og høgt saltnivå. Tiltak ved for stor konsentrasjon av nitrit i vatnet. Vannbytte og tilsett 0,3% salt. Hvis det er zeolitt i vatnet må ein fjerne dette før ein har i saltet.

Nitrat (NO3)
Nitrobakter bakteriene omformer nitrit til nitrat. Måleverdier for nitrat skal helst ligge under 20 mg/l. Men det er ingen fare med 50 mg/l og meir enn det. Det som skjer er at fisken veks seinare, fargene forsvinn, svekker immunsystemet m.m. Frå 300 mg/l og over kan vera dødeleg. Nitrat er meir giftig i salt vatn, ved lav pH og lite oksygen.

På neste skisse ser du nivået av ammonium og nitrit i eit nytt system. Det stabiliserar seg først etter 4-6 veker når dei livsviktige bakteriane er på plass i systemet.

Ammoniumforgiftning gir brannsår. Mest synleg på gjeller og finner. Finnene vert rødlige på farge. Fisken gisper. Fisken vert og mindre motstandsdyktig mot sjukdom.
Nitrit forgiftning binder røde blodceller i fisken. Blodet blir brunt. Fisken gisper etter oksygen.

pH over 8.0 gir større fare for forgiftning. pH skal i slike tilfelle helst ligge under 7.4.

 

Behandling ved høgt nivå ammonium: Skift ut 20-40% av vatnet dagleg. Pass på at temperatur og pH er den same. Kutt ned på mating.

Nitrifikasjonsfiltre
Her er det fleire typar, men mest aktuelt er gjennomstrømningsfilter. Dette kan ein dele inn i tre typar ettersom korleis vatnet renn gjennom dei: rislefilter (over vatn) oppstrømsfilter og nedstrømsfilter (neddykket)
Rislefilter fungerer ved at vatn risler nedover filteret og over bioballene der det dannes biofilm. Her foregår omdanning av ammonium til nitrat.
Fordeler med dette filteret er enkel konstruksjon og god lufting. Bakdel er relativt dårleg effekt.

Oppstrømsfilter fungerer ved at vatn tilføres i bunnen og presses opp mellom bioballene. Fordel er at det har god effekt og god vassfordeling. Ulempen er at ein har behov for lufting med luftpumpe.

Et nedstrømsfilter er same teknikk men her kjem vatnet inn frå toppen. Fordel er at vatnet strømmer motsatt vei som oksygenet og ein får god effekt. Ulempen er at ein har behov for lufting med luftpumpe.

Grus og sand kan brukast som filtermateriale. Ein får kjøpt såkalla bioballar i plast som er greie å bruke.

Denitrifikasjon
Det biologiske filteret tek seg altså av omdanning av ammonium til nitrit og vidare til nitrat. Nitrat kan bli et problem for fisken ved store mengder. For å hindre dette må ein omdanne nitritt til nitrogengass.
Her er det også bakterier som tek seg av jobben, men desse skal ikkje ha oksygen. Derimot likar dei metanol, sukker, etanol og aceton.

Beste måte å kontrollere nitratkonsentrasjonen er med planter og alger.

For å framskynde produksjonen av desse bakteriane slik at ein slepp å vente i 6 veker kan ein gjera følgande:
Hvis ein skal sette opp ei karantene for nye fiskar eller ta inn sjuke fiskar for behandling er dette ei grei løying.
Me veit at desse bakteriane er festa på overflater av stein, grus, filtermatter, bioballer m.m.

Hvis ein har et filter oppegåande kan ein vri ut av filtermattene nokre liter med grønbrunt suppe. Ha dette i karantenetanken eller rett i det nye filteret ein nettopp har starta opp. Ein har sjølvsagt ikkje fisk i tanken når dette pågår men etter ein time eller meir, når vatnet tek til å klarne opp kan ein sette ut fisk i tanken. Dermed vil ein få fart på tingene og sleppe problem med ammoniakk og nitrit i ein mykje lengre periode.
Bakdeler med dette er at ein kan tilføre patogene bakterier som er ein fare for fisken, men hvis ein tek denne suppa frå eit filter til fisker som tilsynelatande har det heilt fint er risikoen liten. Det er kanskje værre at fisken går i ein tank i vekesvis med kronisk høge verdier av både ammonium og nitrit. Hvis du ikkje har tilgang på eit oppegåande filter så kan du kanskje få litt bakteriesuppe frå zoobutikken. Men som sagt, det er ikkje 100% sikkert at det vil gå bra. Sjekk pH-verdien etterpå for den kan gå kraftig ned når bakteriene starter sitt arbeid.
Her er litt meir om det biologiske filteret.

Testing av nitrit.