pH

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Vatn: Nitrogensirkel | pH | Oksygen | KH

pH

PH måler frie hydrogen ioner i vatnet. Hvis det er likevekt av desse er vatnet nøytralt. Hvis det er eit overskudd av H+ (H³O+) er vatnet surt (syre) og hvis det er overskudd av OH- er vatnet alkalisk (base). pH-skalaen bygger på hydrogenionkonsentrasjonen og går frå 0 til 14 der 7 er nøytralt. Eksempel på syre er eddik. Eksempel på base er Lut.
Det er fleire ting som påvirker pH-verdien i dammen. Amoniakk frå fisken blir omdanna til nitrit og i denne prosessen vert det løyst ut frie hydrogen ionar som senker pH verdien. Også karbondioksyd frå koi, bakterier og planter som vert omdanna til karbonsyre vil forsure dammen. For å motvirke forsuring kan ein tilsette kalsiumkarbonat (kalk) som vil knytte til seg dei frie hydrogen ionane og danne kalsiumbikarbonat.

Ved lav pH seier me vatnet er surt. D.v.s. så lavt som frå 5.5 til 7.0. Hvis pH-verdien er lav slutter fisken å ta til seg mat, den produserer ekstra slim, ligg i ro på bunnen, til slutt strekker den finnene og dør. Saltbalansen til fisken blir forstyrra. Den får auka produksjon av slim på gjellene og saltkonsentrasjonen i blodet går ned. Dødsårsak er truleg kvelning og osmotisk stress.

Ved høg pH vil fisken og produsere ekstra slim, miste matlyst og død.
Hvis fiskane mister matlyst eller virker svake er pH av det første ein bør teste. Nitrit og oksygen er også viktig å få testa.
Ein høg pH og mykje ammoniakk i vatnet er ikkje ein god kombinasjon. Hvis pH-verdien går opp frå f.eks. 6 til 8, vil ammoniakkonsentrasjonen auke heile hundre gonger!

Ved for lav pH der fiskane er heilt utslått, må ein straks få denne opp. Ein treng ikkje ta dette gradvis, men pøse på med bakepulver hvis fiskane er i ein mindre tank. Start med f.eks. ei teskje pr. 20 – 40 liter. I større målestokk rundt 20 ts. i eit kar på 500 liter. Sjekk pH etter ein time. I større dammer er kalksand (ikkje finmalt pulver) eller skjelsand bra. Bakepulver er sodium bikaronat og vil kun stabilisere pH i ein kort periode. Så den beste buffer er Kalsiumkarbonat. Fisken tåler bra en rask heving av pH-verdien, men er meir følsom for ein rask senkning av pH. Du kan fint gå opp to grader frå f.eks. 6.0 og opp til 8.0. Men hvis pH-verdien synke ned frå 8.0 til 6.0 innen 12 timar får fisken problem. Fisken kan leve med svært lav pH hvis den kom sakte og gradvis på den. Det optimale for koi er er imidlertid ein pH på rundt 7.4.

pH-verdien kan ramle ned til 5.5 eller lavare i løpet av ei natt. Me opplevde dette fyrste vinteren me hadde fisk inne til overvintring i akvarie. Utpå vinteren fant me ut at det hadde vore fint å fått tømme og vaske akvariet, sanden osv. Det blei gjort og det blei fint og reint.
Neste dag lå alle koiene på bunnen. Eit par gullfiskar holdt koken ennå.
Me forsto ingenting. Tenkte ikkje på å sjekke vatnet. Det var jo nytappa og reint og fint. Men etter å ha sett på symptomsidene til koivet på internett fant me feilen. Gjekk straks på kjøkkenet og fant fram bakepulveret. Ikkje lenge etter blei det liv i fiskane og dei var vanvittig sultne etter fleire dagar i koma.
Ein lærepenge som heldigvis ikkje tok livet av fisken. Så etter dette skifta me berre ut 1/3 av vatnet og sjekker pH ofte. Grunnen til problemet var at vatnet me tilsatte var ekstremt surt. Måling viste ein pH på rundt 5.

Men pHen kan rase ned på andre måtar og. Oksygenmangel og mykje karbondioksid (CO 2) samt avfall kan gje same resultat. Bl.a. bakteriane som omdannar ammonium til nitrit og nitrit til nitrat bruker oksygen og slepp ut CO 2. CO 2 omdannar seg til karboksylsyre og denne senkar pH. Samtidig som prosessen med å omdanne ammoniakk til nitrit blir det avgitt meir hydrogen ionar, dette senkar og pH. Fisken avgir CO 2 som og senkar pH.
Plantene i ein dam kan og påvirke pH nivået. Om natta bruker dei oksygen. og produserer CO 2, mens dei om dagen brukar CO 2 og produserer oksygen.. Hvis ein har ein dam overvokst med vannplanter kan pH svinge kraftig i løpet av eit døgn. Ein kombinasjon av desse faktorane gjer at ein kan få ein pH krash.

Buffer
For å unngå at ein får pH krash i dammen må ein ha ein såkalla buffer.
I naturen er vatn med mykje salter mindre utsatt for forsurning enn andre. Enkelte salter har stor betydning for kor surt vatnet blir. Saltene virker som buffere. Har du surt vatn i springen så er det fattig på salter og ein må dermed tilsette desse i vatnet. Karbonat gir ein syrenøytraliserende effekt. Karbonat reagerer med karbondioksid og danner bikarbonat. Bikarbonat virker som en buffer og nøytraliserer dermed syre.
Kalsiumkarbonat finn ein i kalkstein, knust korall, eggeskall, øysterskjell.Unngå finmalt kalk for dette kan sette seg i gjellene på fisken og skade desse.

Kalsiumkarbonat (CaCo3) har to funsjoner i dammen. Som pH buffer og som energikilde til dei nyttige bakteriene i biofilteret, samt andre nyttige bakterier som Genesyz og dei fleste probiotika. Dei kan ikkje fungere uten. Biofilteret bruker opp 2,5 gram Kalsiumkarbonat for kvart gram ammonium omforma til nitrat! Så kalsiumkarbonat er nødvendig i dammen og det blir stadig forbrukt så ein må tilføre meir når det er behov. Passe mengde Kalsiumkarbonat i dammen blir målt i total alkalitet og denne er mellom 80 til 120 ppm.

Her ser du dei ulike testane me bruker for pH. Det er to ulike typer strips, ein som kun måler pH (kjøpt på apotek) og ein som er multistick og måler flere ting samtidig. Det er og ein probemålar. Den går på batteri og viser pH verdi i digital display.
Tilslutt dei mest vanlege, dei du drypper ei viss mengde væske oppi ei målt mengde vatn. Resultatet leser ein ut frå farge på blandinga.