Oksygen

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Vatn: Nitrogensirkel | pH | Oksygen | KH

Oksygen er livsviktig for fisken. Behovet for oksygen i dammen vert ofte oversett, men dette er svært viktig!

Vatn har god evne til å ta opp gasser. Når vatnet har tatt opp det som er mulig ved vanleg atmosfæretrykk er vatnet fullt metta (100%). Dersom vatnet inneholder mindre av den aktuelle gassen enn det kan ta opp ved den aktuelle temperaturen, er vatnet undermetta. Dersom vatnet inneheld meir gass enn ved full metning er det overmetta. Vatnet kan bli overmetta hvis ein f.eks. tilfører det gass under trykk, eller ved at temperaturen i vatnet stig raskt uten mulighet for utlufting. F.eks. vatn i rør.
Dette er ikkje bra for koi og dei kan faktisk bli full av luftblærer.
Luft inneheld cirka 79% nitrogen og 21% oksygen. I vatn er forholdet 60% nitrogen og 40% oksygen.
Dersom luft presses inn i vatnet med trykk vil det bli ei overmetning av nitrogen i vatnet som er skadeleg for fisken. Lufting av vatn er for å skape ei likevekt mellom gassen i luft og gassen i vatn. Eventuell overskuddsgass, særleg nitrogen, vil luftes ut, og det tilføres gass dersom det er undermetning, særleg oksygen. Det er to ulike måtar å lufte vatnet: Luft tilføres eller blandes med vatn, eller vatn tilføres eller blandes i luften.

Oppløst oksygen måler me i mg pr liter. Mengde oppløst oksygen i vatnet varierar ved temperatur. Det er meir oksygen i kaldt vatn mens dess varmare vatnet blir dess mindre oksygen er det i det. Dette er ei ulempe for fisken som har et større forbruk av oksygen når det er varmt. Andre forhold som reduserer mengden oppløst oksygen er saltinnhold i vatnet og medisinering.
Vannplanter produserer oksygen om dagen, men om natta bruker dei oksygen så det lavaste oksygen-nivå måler ein om morgonen. Store mengder organisk avfall og hyppig foring reduserer oksygenet. Nitrifikasjonsbakteriene forbruker mykje oksygen i omdanning av ammonium/nitrit/nitrat. Så det er ei mengde faktorer som reduserer oksygen i dammen.

Ofte blir akseptabel mengde oppløst oksygen målt i deler per million (ppm) eller parts per million. 5 ppm er ansett som minimum. Fisk vil kunne leve på dette nivået nokre dager. Når ein kjem ned på 3 ppm vil fisken dø. Et nivå på 7 ppm er og for lavt og ein bør supplere med luftpumpe og luftsteiner. Er nivået over 8 ppm begynner det å bli bra, men 11 eller meir (opp til 14 ppm) er flott.

Det er mange måtar å tilføre oksygen til dammen. Vatnfall er av dei mest effektive og alternativ er ei eller fleire kraftige luftpumper.
Ei luftpumpe er billeg i drift, men dyr i innkjøp.