Bygge Koidam

Når ein har blitt heilt hekta på koi begynner ein å drøyme om å lage ein skikkelig koidam til koiene.
Ein dam i hagen som både eg og koiene vil trivest med i mange år. Der eg kan slappe av og ikkje vaske på filtermatter frå feilslåtte utstyr kvar dag. Der dammen vil holde ein stabil pH, ingen ammonium eller nitrit, god og stabil oksygentilgang og et lavt stabilt nitratnivå. Og hvis eg blir skikkelig frelst: total kontroll av vanntemperaturen heile året.

Først måtte eg finne ut kor dammen skulle stå og utforminga, og plassering av filtersystemet. Når det er gjort er det berre å starte gravinga.
Dammen skulle være djup. Minimum 1,5 meter, men helst 2 eller 2,5 meter som er best for koi og dessuten får ein meir vannvolum uten at dammen tek for stor plass i hagen. Og den skulle være stor! Den skulle ha vertikale sider, djup over det heile. Hvis eg var så heldig at eg berre kunne grave ut eit så stort hull i hagen uten å treffe på fjell då. Det er nok med fjell her vestpå.

Eg ville bruke duk med livslang garanti. Glassfiber hadde vore kjekt å ha, men det er ein drittjobb og bør vel overlatast til eksperter på slikt. Og eg måtte passe på at duken fekk god støtte ved å bygge ein mur rundt dammen. Ellers kan det med tida oppstå erosjon av vatnet under og utenfor duken som kan føre til at duken strekker seg og kanskje revner opp nå presset vert for stort.

Koidammen skulle kun inneholde vatn og koi. Eg ville difor bruke bunndren i bunnen av dammen. For å minske arbeid med reingjering av dammen ville eg ha ein sirkulasjon i dammen slik at vatnet roterte rundt frå overflate til bunn. Dermed vil strømmen ta med seg skitt, lauvavfall og støv ned til bunnen der det blir sugd inn i bunndren og ut av dammen. Kanskje ville eg lage bunnen som ein trakt og har bunndren nederst. Dermed fanger dette opp alt sjølv om sirkulasjonen ikkje fungerer så bra som eg hadde tenkt. Med ein skimmer og bunndren vil eg ikkje ha behov for å reingjere dammen for lauv eller anna rusk.

Pumpa og filtersystemet skulle stå utanfor dammen. Eg ville grave ned desse slik at det stygge filteret er skjult og pumpa vil jobbe bedre. Dette ville eg dekke til med ei rist laga i tre slik at eg lett kunne komme til systemet. Eg måtte kunne koble meg på kloakkutløpet frå huset slik at skitt kan spylast ut frå filteret og rett i kloakken. Hvis ikkje eg satser på automatikk her må eg opne ventilane ein gong for dagen slik at bunnfallet i filteret vert fjerna frå systemet. Litt arbeid må ein vel ha, og mating av koiene skal eg fortsatt ta manuelt. Ellers skal filteret vere stort og med minimalt vedlikehold.

Vel, egentleg har eg ein koidam i dag, men den er ikkje perfekt. Den mangler bunndren og det irriterer meg så mykje at ein dag kjem eg kanskje til å røske opp duken, grave ut plass til bunndren og rørgate, rive ned muren og lage plass til røret ut, grave ned filteret, koble meg til kloakken, rive ned mur og legge ned rør frå filteret til dam, få meg en skimmer og grave ned rør til filter frå denne, bygge opp alt igjen og fylle på med vatn og koi. Tenk alt dette arbeidet kunne eg unngått hvis eg hadde planlagt litt meir den gong dammen vart bygd. Gjer ikkje samme feilene som eg gjorde når du lager din første koidam.

Går du med planer om å lage ein koidam, men er usikker på korleis du skal gjere dette så ta kontakt og me vil så godt me kan bistå med å gje deg gode råd. Husk: det koster mindre både i tid og pengar å lage ein dam, ein gong.

Hagedam eller koidam?
Det er ikkje alle som er like entusiastiske for koi. Truleg fordi dei ikkje kjenner til denne fisken enno, og dette stadiet har me vel alle opplevd. Dei vil kanskje berre ha seg ein liten hagedam med planter, ein stad dei kan lufte gullfisken om sommaren.
Å lage ein hagedam er ein enkel affære. Du graver eit hull, legg ned damduk og fyller på med vatn. Så er det utforming av vannkanten der ein skjuler alle spor av duken og sette ut planter i og rundt dammen. Ei lita pumpe uti, eit boksfilter eller trykkfilter med uv på land, ei lita fontene og eit vannfall kanskje. Ja, det er kjekt arbeid og kan bli veldig fint. Hvis ein lager dammen litt stor kan ein også ha små koi i ein slik dam. Sjekk ut bilder av dammer så ser du mange eksempler som kan gje deg både idear og inspirasjon. Du finn også nokre koidammar der.

Ein koidam vert laga med eit litt anna formål enn ein hagedam: ein dam der koi skal ha det best mogleg mens dei er i vårt fangenskap. For oss er dette meir viktig, men ein koidam kan sjølvsagt også vera fin å sjå på sjølv om den eigentleg er eit heilt komplett vannrensesystem med koi oppi. Her har ein store filtre som kan ta seg av det avfallet som koi produserer. Dammen er også ofte mykje større og ikkje minst mykje djupare enn ein hagedam.

Dei fleste starter opp med ein vanleg hagedam. Kjøper kanskje nokre fisk på zoo-butikken og alt er kos. Men kanskje ein har kjøpt nokre koi i butikken og dei er blitt håndtamme kjæledyr for heile familien. Dei veks og ein har lest litt om koi og forstår snart at den små dammen er blitt for liten. Så hvis ein får sin bedre halvdel med på ein ny og større dam er alt vel.

Plassering av dammen
Hvis ein skal lage ein koidam på tomten er det eindel ting ein må ha klart for seg. Størrelsen på dammen er viktig. Ofte begrenser den seg med den plass ein har i hagen. Men har ein god plass og vil bygge stort må ein også tenke på driftskostnader og vedlikehold av ein stor dam.
Plassering av dammen. Ein skal ikkje gjøyme vekk dammen i ein krok av hagen der ingen går. Den skal ligge der du lett ser den og gjerne går forbi dagleg. Hvis ein kan er det fint om ein kan sjå dammen inne frå huset. Andre ting er lauvfall frå tre. Dette er eit stort problem på hausten og dammen vert full av lauv som igjen forrurenser vatnet og fisken.
Det er ikkje alltid ein veit kva som ligg under jorda av rør ledninger o.l. Så det kan kanskje by på problem. Hvis avløpsledning ligg ved dammen er dette ein stor fordel om ein kan koble seg på når ein skal skifte ut vatn eller spyle filteret/bunndren. Hvis ikkje må ein lage seg drenering av stein. Ein ting til er lysrefleksen i vannspeilet. Du har kanskje merka at det er ikkje så lett å sjå fisken frå alle kantar av dammen. Sjekk ut dette før du lager uteplassen der du skal sitte og beundre ditt mesterverk.

Nå plassering av dammen er klar, og ein har rekna ut størrelsen ein vil ha er det berre å starte å grave. Anbefaller sterkt at ein leiger seg ein minigraver. Den kan ikkje grave veldig djupt og det er ein viss fare for at den veltar over kanten så om ein ikkje har gjort dette før kan ein kanskje heller leige gravemaskin med førar. Dei jobbar fort og effektivt og ryggen din er like god.
Dammen skal minst ha ein dybde på 1,5 meter. Dette er det fleire grunnar til. F.eks. hvis du skal overvintre koi ute. For at det skal kunne danne seg ulike temperatursjikt i dammen er dette minimum. På bunnen vil ein har 4 grader sjølv om det ligg eit tjukt lag med is på overflata. Hvis du ikkje har møtt på fjell enno så grav gjerne litt djupare når du fyrst er i gong. Fordelen er sjølvsagt at du får meir volum og dermed meir plass til koi, meir stabilt vatn osv. Men det er ingen vits i å fortsette å grave nedover i djupet for koi skal ha oksygen og det er det fint lite av der nede. Og ein skal jo gjerne kunne fange inn sjuk fisk som ligg på bunnen. Hvis ein ikkje har dykkarutstyr vert det heller vanskeleg. Så kjem du ned til 2 meter kan du stoppe der.
Hvis du traff på fjell lenge før dette så er alternativet at du bygger dammen opp. Det er sjølvsagt begrensa kor høgt kant ein kan ha for ein skal jo gjerne sjå dammen utan å stå på tå for å kikke over damkanten. Fordel med ein oppbygd dam er at fisken kjem nærmare deg. Du slepp å bøye deg ned. Du hindrer mykje rusk og lauv i å blåse ned i dammen. Og det er ein god sikkerhet mot småungar. Sjå her:

Hvis hagen din er veldig grunn med fjell overalt er alternativ at ein sprenger vekk fjellet. Eller lager eit kjempeakvarium med solide glasvegger:)

Plass til filter
Filtersystemet til ein koidam tek stor plass og dette vert ofte oversett. Dess større dam dess større filter treng ein. Området for filteret og anna utstyr skal også gravast ut ved sida av dammen. Har ein mangel på plass finns det kompakte filter som Nexus på skissa over.
Ein dam utan bunndren er ingen god koidam. Bunndren er veldig veldig viktig. Dei fleste dammar er ikkje større enn at dei klarer seg med eit bunndren og eit filtersystem. Dette kjem også ann på damformen og om eit bunndren klarer å holde dammen rein. Når ein kjem over 30000 liter i volum kan ein vurdere to bunndren. Enten kobla til eit filter eller eit ekstra filtersystem. Det vert straks mykje dyrare i innkjøp og drift og dette må ein ta med i vurderinga når ein bestemmer seg for damstørrelse og antall koi ein vil ha i dammen. Bunndren skal ligge stødigt i bunnen av dammen. Det beste er at ein støyper heile bunnen fyrst, eller graver ekstra dybde der bunndren skal stå og har i meir sement og setter bunndren ned i den. Dytt sement under og rundt bunndren og bunnrør. Rør frå bunndren skal ligge vannrett ut frå bunndren. Det er viktig at rør og bunndren er limt skikkeleg og at det er tett. Husk at dette er det punktet du ikkje kan komma til når dammen er ferdig. Det er eksempler på dei som har måtte rive opp heile dammen p.g.a. vannlekasje i overgang bunndren/avløp. Så pass på at det er rett lim, rett materiale og skikkeleg reingjort før ein limer. Du kan teste om det er tett ved å sette ein albu med ein rørstump på røret ut frå bunndren og fylle på vatn. La det stå til neste dag og sjekk om nivået er det samme.
Når ein er ferdig med bunnen i dammen. Hvis ein skal ha ein støpt dam og ein glasfiberdam må ein støype ein heil platform med armering der bunndren og bunnrør (og ev. rør til luftslange) er lagt ned. Det er også lurt at golvet skråner ned mot bunndren slik at alt avfall lettare vil finne veien og bunnen er rein. Og veggar må ein også ha. Det samme skal ein gjere med filterhuset som er gravd ut. Her må ein måle ut rett nivå på golvet så vann-nivå i filteret kjem i samme høgd som nivået i dammen. Er ein i tvil er det mykje betre at golvet ligg lavare enn høgare for ein kan alltid bygge opp filteret. Det er værre den andre veien.

Så er spørsmålet kva ein skal lage dammen med. Skal ein ha duk? skal ein støpe i sement? skal ein bruke glasfiber?
Damduk er det billige og raske valget. Men ein bør sjølvsagt kjøpe ein god duk som varer i mange år. Butyl gummiduk er det beste du får. Denne kan du også få ferdig sveisa etter mål. Såkalla boks-duk passar i ein rektangulær dam.
Vel, ein kan også støype og legge damduk, men det går fint utan også. Viktig med godt grunnarbeid for å unngå vatn i grunnen under dammen. Spesielt farleg er det hvis vatn renn nede i grunnen og tek med seg jord og leire under eller i damveggen. Over tid kan duken bli utsatt for så stort press at den rivnar.
Etter at duken er på plass med underduk og god preparering kuttar ein duken der bunndrenet står og fester duken godt. Så er ein ferdig og det er berre til å fylle på vatn. Hvis ein vil kutte meir i duken så kan ein legge inn hull til returvatn frå filteret med pakninger og rørforbindelser og skimmer beregna til damduk. Ein viktig detalj ved bruk av damduk er at ein skjuler duken så den ikkje er synleg over vannspeilet. Dette gjer ein ved å legge stein på sement under vannspeilet og bretter duken opp bak steinen. Behandle sementen med f.eks. Heidi K11 for å unngå at kalken hever pH i dammen.
Alle nye dammar uansett kva ein bruker skal vaskast grundig før ein har koi i dammen. Om ein velger ein støpt dam er det eindel ekstra ting ein må tenke gjennom. Skal ein ha skimmer i veggen? Absolutt lurt. Og ein skal ha rør gjennom veggen for returvatn frå filteret. Det enklaste er at desse ikkje ligg så langt nede i dammen p.g.a. vanntrykket. Men ein vil kanskje ha fleire rør inn. Kanskje vil ein ha undervannslys i veggene.