Bakterier

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Bakterier: Aeromonas | Pseudomonas | Flexibacter | Mycobacterium

Infeksjoner frå bakterier.

Bakterieangrep på koi er ikkje uvanleg dessverre. Mykje av dette kunne ein unngå hvis ein hadde god vannkvalitet. Høge nivå ammonium/nitrit øydelegg huda på koi slik at bakterier kjem til. Store mengder organisk materiale i dammen etter vinteren er også grobunn. Når antall bakterier i ein dam formerer seg i rasande fart vil dei før eller seinare også angripe koi. Eit lite skrubbsår eller eit bitemerke etter parasitter i huda er nok til at bakeriane kan komme inn i fisken. Der kan dei sette seg i sårkant eller gå vidare inn i fisken til ulike organ som nyrer, lever eller sømjeblære. Dei kan føre til blodforgiftning og utan behandling kan det i mange tilfelle resultera med døden.

Når ein har fått eit alvorleg angrep av bakterier i ein dam kan ein miste mange koi. Derfor er det alltid viktig at dammen har god vasskvalitet til alle tider. At fisken ikkje går trangt, men har god plass. Og det er viktig å observera koi som ikkje oppfører seg «normalt». Når ein mater koi er det ein best ser om noko er galt. Ser ein koi med sår så ta den straks ut til behandling. Om sommaren kan det vera godt nok å berre rense såret. Men det er ikkje alltid at temperaturen i dammen er høg nok til at sår vil gro. Dermed er det ofte best å ta slike koi inn i varme til såret har grodd. Men meir viktig er det at ein finn årsak til dette. Sjekk vatnet i dammen. Finn ein grunnen til problemet så rett opp feilen.
Om våren er det me mest ser oppblomstring av bakterier i dammen. Då er koiene enno svake etter ein lang vinter.

Litt om Bakteriar:

Bakteriar er enkle små celler som lever enkeltvis eller i grupper eller i organisk materiale.
Me kan sjå dei og delvis bestemma dei i eit lysmikroskop. Dei har fasong som strengar, komma eller spiral. Det er to hovudgrupper bakterier. Gram positiv og gram negativ.
Dei fleste bakterietypane er harmlause og somme er nyttige, men enkelte bakteriar er avhengige av kroppsvev for å kunne leva og formeire seg. Dette er i hovudsk gram negative bakteriar.
I denne gruppa finn me dei patogene (sjukdomsframkallande) bakteriane