Aquaponi med koi

Etter me fekk opp drivhuset og dammer og koi var på plass kunne me teste ut aquaponi i litt større skala. For dei som ikkje er kjent med aquaponi så går det kort ut på å benytte gjødsel frå fisk til planter.

Me hadde nokre klekkerenner for laks liggende og desse blei satt opp og montert med rørsystem for å sirkulere vatn frå dammene. Ingen ekstra pumper, men ein ventil som regulerer vanntilførsel til systemet. To ulike metoder ble prøvd ut, isoporplater med hull til plantepotter. Isoporplatene flyt på vatnet i rennene. Og det andre var ei seng med lecakuler som plantene kunne stå i.
Mange planter blei prøvd ut, som salater (desse trivdes svært godt), krydderurter, agurker, tomater, physialis, paprika, chili, erter, bønner osv. Og det var en utrolig god vekst på plantene som fekk både god varme i drivhuset og ein kontant strøm av gjødsel frå dammene. Og smaken var det ikkje noko å utsette på. Søte gode tomater, sprø salater og mykje anna knask.

Klekkerennene vart også satt opp i etasjer slik at vatnet kunne renne frå ei renne til neste før vatnet tilslutt returnerte til dammen. På denne måten sparer ein plass. Det er mange ulike metoder ein kan bruke. I vårt system så var det ikkje tilsett oksygen, men luftpumper var som vanleg satt på i filter og i bunndren til fisken. Planterøttene var altså konstant i vatn, men fekk likevel nok oksygen.

Dette er noko vil vil fortsette med etter å ha prøvd det ut i drivhuset i 2 år no. heilt klart ein vinn vinn situasjon, Ein får masse god mat og samtidig får renset dammene for overflødig nitrat. Det er ikkje vanskeleg å sette opp eit slikt system. Absolutt anbefalt å prøve dette ut. Når systemet er oppe og plantene er på plass så er det minimalt arbeid. Husk at du slepp å vatne plantene! Her er nokre bilder frå første året, litt tidleg på sommaren.