Vannbytte

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Vatn: Nitrogensirkel | pH | Oksygen | KH

Vannbytte

  • Tre alternativ når du bør bytte ut vatn i dammen om sommaren:

10% vannbytte kvar veke
20% vannbytte kvar 2. veke
30% vannbytte kvar 3. veke

  • Vår og Haust:
  • 60-70% vannbytte med fisk. Hvis fisken er tatt ut: 100%

[H²0]

Vatn

Det er faktisk mange dameigarar som aldri skiftar ut vatnet i dammane sine! Hvis det er eit jevnt tilsig av nytt vatn til dammen er det ikkje så ille,
men i eit lukka damsystem med resirkulering må ein skifte ut vatnet av og til. Dette veit alle som har eller har hatt akvarium.

For at fisk skal kunne trivast, vekse og ha god helse i dammen, skal dei ha tilgang på ferskt vatn.
Er du heldig og har bunndren så kan du ta vannbytte samtidig som du skyller ut bunndren og rør ein gong i veka. Ellers kan du tappe ut vatn med slangehevert eller pumpe og fylle på med ferskt vatn frå springen. Vatnet i springen er ikkje alltid så bra så sjekk om vassverket bruker kjemikalier til «rensing» av drikkevatnet ditt. Klor har drept mang ein koi. Hvis det er tilfelle må du først rense vatnet så det blir reint. Klor kan du fjerne med spesielle avkloringsfiltre. Eit alternativ er å sette på en fin vannspreder på hageslangen (lufte vatnet). Dermed vil mykje av kloren forsvinne ut i lufta, men då går det rimeleg seint å fylle opp dammen.
Så det er kanskje lurt å fylle opp ein tank med vatn for lufting og avkloring før vannbytte. Hvis ein vil ha ekstra god kvalitet på vatnet kan ein koble på eit vannfilter.
Slik får ein vekk tungmetall som er skadeleg for fisken. Dette er lurt for det er påvist store mengder tungmetall i gjeller på koi i Norge.
Forgiftning ved avrenning frå trykkimpregnerte materialer, andre giftige impregnerte treverk, plantevern eller insektmidler må ein unngå ved dammen.

Vatn er ein heil vitskap å sette seg inn i. Også me som har koi må vite litt om denne kjemien. Det me kan sjekke er f.eks. pH-verdien, mengder jern eller kobber i vatnet, oksygen, nitrat, nitrit, ammoniakk for å nevne nokre. Stadig kjem det fleire tester på markedet som ein meiner er viktige. Det ein i det minste må ha er pH-test, ammonium og Nitrit-test.

Sjekk pH-verdien i dam og i springen. Den kan variere sterkt. Ved store utskiftningar kan pH verdien gå ned hvis vatnet i springen er surt. Hvis du har ein buffer med litt skjelsand e.l. i dammen unngår du at verdien blir for lav eller at den svinger. Kalsium Karbonat er livsviktig for bakteriene i biofilteret. Uten dette vil filteret ikkje fungere. Ammonium eller verstingen Ammoniakk er ekstremt giftig for koi. Dette må ein ha kontroll på med store gode og modne biofiltre og kontrollert foring. Same med Nitrit og Nitrat.

Oksygen vert ofte oversett. Men det er også svært viktig. Det er ikkje nok med eit filter som produserer oksygen med luftpumpe. Dette går til dei viktige bakteriane i filteret som omdannar ammonium og nitrit og inngår i den viktige nitrogensyklusen. Dei treng store mengder oksygen. Ja, dess meir oksygen dei får dess betre arbeider dei og det er viktig for vasskvaliteten. Men fiskane treng også oksygen, så eit vannfall, fontene eller ekstra luftpumpe er tingen.

Salt kan ein ha i dammen heile året, men helst ikkje meir enn 0,1% slik at ikkje parasittar m.m. ikkje får anledning til å bli meir eller mindre resistente mot saltet. Kun ved behandling bør ein i kortare periodar ha høgare saltkonsentrasjon. Bruk kun reint salt (utan antiklumpemiddel eller jod) som ein får kjøpt hos saltimportør.

Ha ein stor vannutskifting om hausten og om våren. Det ideelle er 60-70% utskifting. Det går greit på denne tida å skifte ut såpass mykje fordi det ikkje er så høg temperatur i dammen så fiskane får ikkje kuldesjokk ved utskiftinga. For vatnet i springen er gjerne eindel kaldare enn det som er i dammen.
Om sommaren derimot er det greit med mindre utskiftingar, men hvis temperaturen ellers er lav kan ein gjerne ta ein stor utskifting.
Ein bør skifte ut vatn gjennom heile sommaren. Om ein gjer dette kvar veke (10% utskifting), kvar andre veke (20% utskifting) eller kvar tredje veke
(30% utskifting) er mindre viktig, berre ein gjer det!
Skift aldri ut alt vatnet på ein gong utan ein god grunn for det er ikkje bra for fisken.

«Don´t try to keep Koi, learn how to keep water, then the Koi will «keep» themselves» Koi Kichi – Peter Waddington