Virus

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Virus: Lymphocystis | Carp Pox | KHV | SVC

Virus er skremmande. Og ein skal vere OBS på at slik smitte kan komme inn til Norge med nye fiskar importert frå land enten der virus er påvist eller ikkje. Derfor er karantene viktig og at ein er nøye med hygiene og desinfisering.
Men ikkje alle virus er livsfarlege. Ta f.eks. Lymphocystis og Carp Pox. Dei er likevel ein plage. Og spesielt den siste som liker den kalde vanntemperaturen me har det meste av året. Eit anna virus som liker kaldt vatn er SVC eller spring viraemia i karpe. Men vi har også meir varmekjære virus som Koi Herpes Virus eller KHV.

Virus er ekstremt små så eit vanleg mikroskop vert alt for svakt til identifisering.
Hvis ein skal få identifisert virus ut frå mistanke må ein sende inn fisk til Veterinærinstituttet. Mens me venter på vaksiner mot virus til damfisk slik som oppdrettsfisk, vert stadig nye virus oppdaga så dette er visst noko vi må leve med inntil vidare. Uansett kan me forebygge med god vannkvalitet i dammen og ellers vere forsiktig ved innkjøp av nye fisk.

Og no når no trekkfuglane kjem, krysse fingrane for at dei ikkje slepp eit visittkort i dammen når dei flyg forbi. Koi kan vel få fugleinfluensa dei og?