Karantene

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Karantene: Sårbehandling | Salt | KP | Anestesi | Antibiotika | Injeksjon

Bruk av karantene
Når ein kjøper inn ny fisk enten direkte eller via butikk veit ein ikkje om fisken er 100% frisk. Dermed er det ein risiko for innføring av både infeksjonssjukdommar og parasittar. Slike problem kan i ettertid bli vanskeleg å bli kvitt. Også fisken i dammen kan bli sjuk ein gong iblant og treng behandling. Når ein ser fisk med skader eller som oppfører seg unormalt skal ein straks ta denne ut av dammen og undersøke den og behandle den. Ta samtidig testing av vatnet i dammen for å slå fast om det kan være årsaken til problemet og behandle dammen.
Nyinnkjøpte koi kan være bærere av parasittar, bakterier, sopp og virus sjølv om den som solgte deg fisken har gjort sitt beste for å utrydde dette problemet. Fisken kan faktisk være immun eller resistent mot visse sjukdommar og parasitter den er bærer av og dermed smitte fisken i dammen som ikkje er det. Hvis du har kostbare koi i dammen din og er redd for desse kan du ta ut ein fisk frå dammen som du ikkje verdsett så høgt og ha den opp i karantenetanken med dei nye fiskane. Hvis denne fisken blir sjuk etter at du har behandla dei nye med salt og ev. annan medisinering er dei nye fiskane truleg bærere av sjukdom som dei sjølve er immune mot, men som kan skade fiskene i dammen din. Hvis du ikkje klarer å finne diagnose så send fisken inn til Veterinær så dei kan få tatt prøver.

Før du kjøper fisk i butikk så sjekk at den og dei andre fiskane i karet er friske. At vatnet ikkje lukter ille og at dei ikkje går for tett. Fisken som vert sendt til deg i ein kasse er vanlegvis svært stressa og utmatta etter turen. Då er det viktig at fisken kan komme seg fort etter transporten. Hvis ein har fisken til behandling i ein separat karantene tank i minst 3 veker er ein ganske trygg på at dei ikke vil tilføre dammen din nye sjukdommar.
Hvis du kjøper fisk fleire gonger i året kan du ha ein oppegåande karantenetank heile året. Ha eit par fiskar der slik at filteret fungerer når du ellers ikkje har fisk til behandling. Alternativ: ha eit ekstra filter gåande i dammen som du berre kobler over til karantenetanken etter behov. Etter behandling vask filteret og desinfiser alt før du bruker det i dammen att. Det er ingen vits i å ha eit filter gåande i ein tank tom for koi. Filterbakteriene må ha tilgang på ammoniakk og nitrit og dette får dei berre frå fisk.

Koi er ein hardfør fisk med eit sterkt immunforsvar frå naturens side som kan helbrede dei fleste sjukdommar uten antibiotika. Når du får fisken tilsendt vil dei være svake. Tek ikkje til seg mat dei første dagane. Enkelte gonger er dei behandla med medisiner eller bedøvelse, dei er kjølt ned med is og sømjer i vatn med ammonium. Dette aukar resistensen mot medisin og minskar naturleg immunitet. Hvis du ikke set denne fisken i karantene vil ikkje det naturlege immunforsvaret kunne lade seg opp att.

Utstyr til karantene:
Ein tank i plast, glassfiber, eit akvarium eller ein ledig dam. Det finnes karantenetanker å få kjøpt med alt ein treng, men hvis du alt har eit ledig akvarium, pumpe og filter så er dette ein god og rimeleg løysing.
Tanknett til å dekke over tanken (nye fisker vil prøve å hoppe ut)
Filter og pumpe
Luftpumpe
UV steriliserer
Testutstyr av ammonium. nitrit. pH og salt
Vanntermometer
Varmekolbe
Mikroskop til å identifisere ev. parasitter slik at ein kan gå direkte på riktig medisinering mot desse.
Medisinering
Salt er viktig. Hvis ein har Elbagin kan dette brukes med salt.
Melafix hvis ein har
Supaverm, Praziquantel, Triklorfon (Masoten) og Kaliumpermanganat er middel mot Gyro. Masoten fjerner også ankerorm og lus.
Ultimate eller Aquasafe som er vannbehandlingsmiddel til bruk i nye dammer og tanker. Det fjerner klor, ammonium, kobber og andre tungmetall, reduserer stress m.m.

Før du får inn fisken
Gjer klar tanken. Størrelsen på tanken kjem ann på kor mange fisk og kor store dei er. Ein tank på mellom 500 – 1000 liter går i dei fleste tilfelle. Ved import treng ein ofte større plass. Ein Koi på 10 cm. skal helst ha 100 liter å boltre seg i. Om ein ikkje klarer dette så vil det ofte gå greit med litt mindre mengder vatn, men pass på at du ikkje kjøper meir fisk enn du kan klare å behandle i karantene på ein gong. Ved liten plass er ofte vannbytte og god lufting viktig.
Fyll tanken med vatn. Det beste er å ta vatn direkte frå dammen hvis fiskane der er ved god helse. Ellers kan ein bruke vatn direkte frå springen eller frå brønnen hvis ein har det. Pass på å sjekke med det lokale vassverk at vatnet ikke er tillsett klor eller andre kjemikalier skadeleg for fisken. La vatnet modnast og sjekk at alle parametre er ok. Kva temperatur karantenekaret skal ha avheng av temperaturen fisken som skal gå der kjem frå. Ved f.eks. import direkte er fisken kjølt ned og det er kanskje berre 10 grader i vatnet. Mens fisk frå zoo butikken gjerne går i vatn over 20 grader.

Ha eit par fisk frå dammen e.l. oppi karet og sett på pumpe og filter for at bakteriefloraen kan få utvikle seg til å ta seg av ammonium og nitrit. Dette tek normalt 4-6 veker. Det er ikkje alltid at ein har dette klart og då kan ein framskynde produksjonen av desse bakteriane. Ein kan kjøpe bakteriestartar for å få fart på filteret. Eller hvis ein har et filter oppegåande kan ein vri ut av filtermattene nokre liter med grønbrunt suppe. Ha dette i karantenetanken eller rett i det nye filteret ein nettopp har starta opp. Ein har sjølvsagt ikkje fisk i tanken når dette pågår men etter ein time eller meir, når vatnet tek til å klarne opp kan ein sette ut fisk i tanken. Dermed vil ein få fart på tingene og sleppe problem med ammoniakk og nitrit i ein mykje lengre periode. Bakdeler med dette er at ein kan tilføre patogene bakterier som er ein fare for fisken, men hvis ein tek denne suppa frå eit filter til fisker som tilsynelatande har det heilt fint er risikoen liten. Det er kanskje verre at fisken går i ein tank i vekesvis med kronisk høge verdier av både ammonium og nitrit. Hvis du ikkje har tilgang på eit oppegåande filter så kan du kanskje få litt bakteriesuppe frå zoobutikken. Men som sagt, det er ein risiko. Sjekk pH-verdien etterpå for den kan gå kraftig ned når bakteriene starter sitt arbeid. Sett på luftpumpe for å gi bakteriene plenty med oksygen som dei treng.

Ha salt i karet. Alt etter grunn til karantene kan mengde variere. Er det importerte koi så salter ein heilt opp til 0,7%. D.v.s. 7 kilo per tonn vatn. Alternativ 0,5% i kombinasjon med elbagin.

Når fisken kjem
Sjekk fisken. Om den ser veldig utkjørt ut, lener over på ei side, beveger seg lite, livlaus: ta den straks ut av posen og oppi tanken.
Hvis den ser OK ut: la plastposen flyte med fisken i tanken i 15-30 minutt slik at temperaturen i vatnet i posen blir tilnærma den samme som i tanken. Etter dette, slipp kun fisken ut av posen. Unngå at vatnet i plastposen kjem ut i tanken.
Ha i lett antibiotika, berolegande som f.eks. Elbagin i tanken. Ein kombinasjon av salt og elbagin er bra som start dei første dagane i karantene.
Dekk til heile tanken for å unngå at dei hoppar ut.

Mens du har fisken i karantene
Hvis du vil gi fisken eit saltbad står det meir om det her.
Har du 0,7% salt i vatnet skal du ha små vannbytte slik at saltnivå går sakte ned til 0,3% F.eks. 0,1% reduksjon pr. dag. Hvis du ikkje har filtreringssystem bytt ut litt vatn (ca. 25%) kvar 2-3 dag. Hvis det er et problem med ammonium eller nitrit må ein bytte ut opp til 50% kvar dag. Fyll på med salt etter kvart bytte.

Enkelte parasitter har utvikla meir og meir resistens mot salt. Etter tredje dag kan ein ha i f.eks. Melafix til behandling av finnesplitt og skader etter transport. Eller hvis det er parasitter som saltet ikkje tar knekken på bruker ein middel mot dei parasittene ein har sett i mikroskop.
For med lett fordøyeleg mat. For importerte koi skal ein ikkje mate dei første dagane.
Sjekk ammonium og nitrit kvar dag dei første 5 dagane og deretter kvar 3. dag. Bytt vatn.
Hvis du ser at fisken viser tegn til sjukdom, den blinker, ligg stille, sårdannelse, parasitter, ring til selgeren og spør om råd. Du kan fore fisken med antibiotika. Du kan lage din egen ved å blande oksalinsyre med vatn og la det trekke inn i pellets. Ikkje bruk samme redskap som du bruker i karantenetanken i dammen din. Det kan føre smitte med seg. Husk at det er heilt normalt at fisken ikkje tek til seg mat dei første dagane den kjem til ein ny plass. Du bør vente med foring til fiskane har funne seg til rette.

Koi kan bli veldig stressa av å gå åleine. Difor kan ein ha eit par billige koi gåande i karantenetanken heile tida. Dette er bra for filteret og trygghet for dei sjuke fiskane når dei har venner.

Etter karantenetida kan du sette ut fisken i dammen. Pass på at vatnet er av samme kvalitet, Hvis ikkje bytt ut 5% vatn i karantenetanken kvar dag med vatn frå dammen til det blir likt. Ved import av koi skal ein sakte heve temperaturen i karantenen til rundt 22-24 grader. Dette er viktig for f.eks. kunne utløyse KHV smitte. Fisk som er tatt inn frå dammen p.g.a. sjukdom skal ofte ha det varmt (minst 25 grader) og salt 0,3 til 0,5. Dette for å styrke fisken. Nokre bakterier har tendens til å blomstre kraftig opp ved varme. Difor et ein uv steriliserer fint å ha i karantenen. Slik har ein kontroll på bakteriene.
Sørg for at det ligg til rette for ein god vasskvalitet, lite lys og bråk, og masse lufting (luftpumpe).
Transporten
Hvis du ikkje bur nære et koiutsalg må fisken pakkes i en plastpose egnet til fisk. Hvis reisen er lang bør selgeren ha i reint oksygen slik at fisken får nok luft å puste i på veien heim. Plastposen skal forseiles med gummistrikk slik at hverken luft eller vatn kjem ut. Om mulig spør selgeren om han har ein kasse til fisken. Dette for at ikkje plastposen med fisken skal rulle rundt bak i bilen under reisen. Og sett kassen på tvers i bilen slik at fisken, spesielt større fisk unngår å få snuten trykt opp etter posen kvar gong når bilen bremser o.l. Plastposen eller kassen skal dekkes til med et teppe e.l. slik at sollys ikkje trenger inn. Dette vil roe ned fisken.