Drivhus – Side 1

Drømmen om drivhus er endeleg i ferd med å gå i oppfyllelse. Ein stad det er fint å vera på ruskete regnvåte haustdagar eller kalde vårdagar. Ja, sjølv om vinteren vil det vere ein liten lunk der inne. Med eit stort drivhus vil ein få god plass til både koidammar og kanskje litt hage også.

Me har lenge vurdert å skaffe oss eit slikt hus, men det er dyrt og det var vanskeleg å bestemme seg for kor stort det skulle vera. Men så kom me over dette huset ikkje langt frå oss. Huset var gratis og ein slik sjanse kunne me ikkje la gå frå oss sjølv om det var mykje større enn me hadde tenkt oss. Huset er 16 meter i bredde og 32 meter i lengde. Dette vert 500 kvadratmeter å boltre seg på. Rivning av huset starta i september 2006 og var ferdig i oktober. Her er ein liten serie bilder av prosessen.

Klikk på et bilde for å åpne bildegalleriet

No starter den meir spennande delen av prosjektet, sjølv om rivninga var lærerikt og vil hjelpe mykje i prosessen seinare med montering. Huset skal settast opp att og her vert det plass til både lager, butikk, m.m. Resten av huset vert drivhus med plass til dammer, karantene- og salgskar, hage med planter m.m.