Koi Helse
Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Koi er ein hardfør fisk som med rett stell kan leve eit langt liv i dammen. Dei fleste koi er dessverre ikkje så heldige. I USA er gjennomsnitt levetid for koi berre 2 veker. Det er den tid det tek frå ein kjøper fisken til den dør av ammonium/nitritforgiftning eller av andre unødvendige feil. Mangel på kunnskap er ofte grunnen til dette. Så hvis du nettopp har skaffa deg koi og kan ingenting så merk deg dette for å unngå same feil:
10 vanlege måtar å miste fisk på
- Ingen kunnskap om filtrering. Fisk døyr av forgiftning.
- PH vert ignorert. Så krasja den ned på 5.5 og drep alt.
- Ny fisk kjem inn uten karantene. Parasittar drep fisk.
- Behandling med Formalin e.l. Surstoffmangel.
- Filteret slår seg av i varmt vær.Ingen sirkulasjon.
- Vatnet fiskane får er tilsatt klor.
- Lekkasje i slanger/koblingar, dammen er tom på eit blunk.
- Elektrisk støt i vatnet. Feil ved utstyr.
- Nye fiskar hoppar ut av dammen og dør.
- Fisk overlatt til folk utan erfaring. Overforing.
(Erik L. Johnson, Koi Health and Disease)
Dårleg vasskvalitet er å be om trøbbel. Koi har som oss behov for reint vatn/luft, god næringsrik mat, god plass, mosjon, og venner. Alt heng saman, og det er berre me som kan gje fisken alt dette når den er i vår varetekt eller fangenskap.
Her er nokre faktorar som kan føre til sjukdom.
- Mangel på føde over fleire vintermånader fører til proteinmangel, karbohydrater og vitaminer, spesielt askorbinsyre.
- Ansamling av mudder i filteret og på botnen av dammen som og kan bidra til høg konsentrasjon av nitrat i dammen. Bakterier som Aeromonas og Pseudomonas trives og sprer seg godt i eit slikt miljø
- Kaldt vatn svekker immunsystemet til koi, mens parasittar kan være aktive i desse lave temperaturane og dermed overføre smitte mens fisken er svak.
- Parasitter kan ha Aeromonas bakterier på festekrokane sine. Nå fisken blir skada av parasittane kan bakteriane invadere fisken.
- Chilodinella og Costia med fleire laga så stor skade med sine egne aktivitetar ved stress og død som resultat, men dei kan i tillegg lage sår som åpner for bakterie invasjon.
Våren er vel den tida vi har mest problem med koi og sjukdom. Fiskane er svake etter ein lang vinter og når immunforsvaret ikkje fungerer er dei et lett offer for angrep som dei ellers ville unngått.
Dei kan f.eks. få angrep av parasittar og Bakteriar eller Sopp og Virus. Desse kan ein behandle på ulike måtar.
Lokal sårbehandlinger viktig for at sår skal gro.
I tillegg er det kanskje nødvendig med Antibiotika. Anestesi og Injeksjon.