Pseudomonas

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Bakterier: Aeromonas | Pseudomonas | Flexibacter | Mycobacterium

Pseudomonas

Pseudomonas flourescens og Pseudomonas putida

er dei to mest kjente artane som angrip koi.
Alle er fluoriserande gramnegativ staver.
Dei finns naturleg i ferskvatn, i organisk materiale og på fisk. Dei forårsaker opne sår på koi. Ofte med symtom som utståande auge og skader på finner.
Pseudomonas putida mest kjent for at fisken får raud mage før den dør.
Lav temperatur og seinare stigande temperatur om våren fører til hurtig formering av desse bakteriane og sidan fiskens immunforsvar enno ikkje fungerer tilfredstillande, kan dei lettare bli angrepne av desse bakteriane.

Behandling: Injeksjon av Baytril. Dette få du gjort hos dyrlegen. Bedring ser ein alt etter ein dag hvis behandling fungerer.
Bakteriane går i blodstrømmen og det er difor ikkje nok å berre behandle såret lokalt. Men det er viktig at sjølv om fisken får injeksjonar at ein samtidig behandlar såra.
Rens evnt. så med kaliumpermanganat pasta eller jod 7% eller betadin. Dekk såret med orabase pasta. Ha ein temperatur på rundt 25 grader i tanken. Les meir her

Her er bilder av ein chagoi med ein pseudomonas infeksjon. Den blei behandla med kraftig saltbad utan hell. Uten hjelp frå veterinær Eva Reksten ved Din Dyrlege i Åsane hadde dette tilfellet garantert fått en helt anna og tragisk utgang.
Såret blei berre verre og verre inntil den fekk fleire injeksjonar med Baytril.

Bilde 1. Den har fått kvite prikker på finnen.
Bilde 2. Her ser ein lett at det er ein infeksjon.
Bilde 3. Deler av finna datt av.
Bilde 4. Behandling med Baytril har starta.
Bilde 5. Infeksjonen er over og finna er i ferd med å vekse ut att.
Bilde 6. Finna er like fin som før.

Les heile historien her