Bakterieinfeksjon

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Bakterier: Aeromonas | Pseudomonas | Flexibacter | Mycobacterium

Bakterieinfeksjon

Ein histore som enda godt

Våren 2003.
Mange fortvila eigarar av nye koi som ikkje veit kva dei skal gjere. Og me er ein av dei.
20 mai kom 3 koi i express postpakke over natten frå Østlandet. Me hadde bestilt dei for lenge sidan, men ville vente til karantenetida var ute. Det var tre ulike typar koi: ein chagoi, ein soragoi og ein ginrin soragoi. Seinare viste det seg at den siste sett ikkje var ein ginrin soragoi men ein ginrin oshiba shigure!
Egentleg hadde me bestilt ein ginrin chagoi og ein ginrin soragoi, men dei eg hadde valgt ut og trudde var reservert til karantene var over var allerede solgt ved ein feil. Dermed fekk me tre fiskar for same pris som for to og kunne ikkje sei nei til det tilbudet sjølv om me var litt skuffa over at me ikkje fekk ein ginrin chagoi.

Både chagoien og ginrin soragoien hadde allerede fått små betente sår nede på gattfinnene når dei vart pakka ut og satt over i akvariet. Om dette kom av for mykje ammoniakk i vatnet dei kom i veit eg ikkje, men ammoniakken er etsande og legg seg i bunnen av posen slik at gattfinen er utsatt i så måte. Dei har dessutan et bein i gattfinnen som gjer at dei lett kan få sår nettopp der.
Seinare fekk eg opplyst av andre kundar som hadde kjøpt koi frå samme plassen om at det var koi i karet som hadde sår. Dette visste eg ikkje om og hadde sjølvsagt ikkje kjøpt fisk hvis dette var kjent. Eg kjøpte fiskane i den tru at dei var friske slik forhandlaren forsikra meg om over telefon.

Etter ei veke med vel 0,3% salt og ein antibakteriekur på 4 dagar var det berre chagoien som fortsatt hadde synleg voksande problem.
Det var litt usikkert kva som er i veien med denne, men den hadde fått nokre kvite difuse prikker på halefinnen. Sjå bilde under.

Me lurte på om det var parasitt, carp pox eller bakteriecyster, men ettersom varme og salt ikkje fungerte veit ein at det ikke var prikkesyke eller carp pox.
Eg var ganske sikker på at det ikkje var carp pox for det har eg på ein annan fisk og det var ikkje det samme. Jeg hadde heller ikkje sett parasitt med slike prikkar, men det finnes fleire variantar av desse parasittane så det var vanskeleg å utelukke. Prikkane vokste og dei sprakk og stygge sår kom fram. Sjå bilde under.

Dette bildet er tatt etter eit saltbad, 1. juni blei fisken satt ned i eit kar med 2,5% salt i 10 minutt. Det rensa bort alt dødt og sikkert eindel infisert vev.
2. juni fekk den eit nytt saltbad, men dette vart for mykje for fisken og eg måtte holde den over luftesteinen i ein halv time før den klarte å holde seg oppe ved eigen hjelp. Så fleire saltbad vart det ikkje på denne fisken. Bildet under er tatt etter 2. saltbad. Det ser bra ut, men det er eindel rødt igjen som saltet ikkje fekk tak på.

3. juni (2 veker etter fisken kom) tok jeg den til dyrlegen for skraping og skoping. Finnen var ganske blodrød på dette stadiet, då den ikkje hadde fått dagens saltbad.
Dei fant hverken sopp eller parasitter og det forundra meg ikkje etter dei sterke saltbada fisken har fått tidlegare. Dei skulle sende prøver av den infiserte finnen videre til veterinærinstituttet for fremdyrking av bakterier. Dette ville ta minst ei veke før dei hadde resultatet og då ville fisken truleg ha for store skader på lever/nyrer at det ville vere for seint å behandle.
Så eg ba om ei sprøyte antibiotika. Dermed fekk fisken eit skudd Baytril. Hvis det er Pseudomonas vil det gjere susen. Hvis det er Aeromonas så er det ikkje sikkert det fungerer like bra. Men det ser ein om 2-3 dagar.

4.juni (dagen etter injeksjon av Baytril), er det allerede spor av bedring på fisken. Alt det røde er borte og det har danna seg ei lys rand rundt sårkanten. Det ser veldig bra ut på bildet under.

Det siste bildet er tatt 11. juli. Her er all infeksjon borte og deler av finnen har begynt å vekse ut att. Den blei til slutt like fin som før.
Behandling:
03.juni – baytril injeksjon
06.juni – baytril injeksjon
11.juni – baytril injeksjon
12.juni – baytril injeksjon
13.juni – baytril injeksjon


7. juni. Mens behandling av fisken med såret på finnen pågår dukker det opp eit sår på siden på soragoien.

10. juni. Etter samråd med veterinær Eva Reksten ved Din Dyrlege i Åsane tok me med oss heile akvariet med alle tre fiskane, pumpe, filter, luftpumpe og rundt 100 liter vatn for innlegging på dyreklinikken. Der skal dei alle tre få injeksjonar dei neste tre dagane.

16. juni. Fiskane hentes heim. Såret har blitt større. Dyrlegen har skrapt vekk alt dødt vev så det var ganske blodig.

19. juni. Bilde av såret. Det er betent og vokser innover.

24. juni. Bilde av såret. Det har blitt djupare. Jobba seg ned gjennom huden og inn på kjøttet. Samtidig har den tredje fisken, ein ginrin soragoi fått et lite sår som en kan skimte på fisken i bakgrunnen.

03.juli. Eg fekk dylegen med på ein ny injeksjon baytril på soragoien med såret. Etter den kom heim var den ganske tufs i et par dager etter dette. Dyrlegen var ikke særlig optimistisk og vi var på nippet til avliving.

11. juli. Etter rensing med kaliumpermanganat som var eit fantastisk middel for rensing, og bruk av orabase salve i 3 dagar ser me endelig spor av bedring og tegn til groing av såret. Den andre ginrin soragoien med det lille såret blei bra etter kun ein rens med jod.
Bildet i midten er tatt 13.juli og ein ser at såret trekkjer seg sammen. Til høgre er såret grodd og dekt med nye skjell.

Dermed ser det ut til at me klarte å redde alle dei tre fiskane. Utan veterinær Eva Reksten hadde nok fiskane ikkje klart seg. For ved slike infeksjonar hjelper berre ein ting: injeksjon, injeksjon, injeksjon!
I tillegg er det viktig med rensing av sårene og ekstra c-vitamin i maten. Konstant god vasskvalitet og temperatur rundt 25 grader.

Kor mykje kosta dette oss? Vel, det blei mykje kjøring til og frå dyrlege (50 km ein vei) og mykje arbeid, mindre til dyrlegen som såg på dette som eit lærerikt forsøk. Me har også lært mykje om sårbehandling. Det som me var mest fornøgd med var kaliumpermanganat som rensemiddel på sår, og orabase som grosalve. Desse i kombinasjon med antibiotikainjeksjon gjorde utslaget.
Om det var verd det? Ja, klart det. Det er ikkje ofte ein finn desse typane koi i Norge. Dei er svært tamme og sosiale dyr som gjer seg godt i dammen.