Kaliumpermanganat

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Karantene: Sårbehandling | Salt | KP | Anestesi | Antibiotika | Injeksjon

Kaliumpermanganat – KMnO4

Mot parasitt og som desinfiseringsmiddel.
Dette skal være i pulver og ein får kjøpt det på apotek i mindre doser. Felleskjøpet selger i større kvanta (1kg, 6kg og 50kg!).
Svært effektivt mot Gyrodactylus, Dactylogyrus, Trichodina, bakterielle sår og soppinfeksjon.
Et middel som fyller ut de gap saltet ikkje klarer å kurere. Virkemåte: ødelegg celleveggene i parasittene ved oksydering.
Ein må imidlertid være svært nøye med doseringa for grensen mellom virkning og til dødeleg gift er ikkje stor.

Ellers virker Kaliumpermanganat mot Saprolegnia, Costia, Chilodinella, Ich, Argulus, Piscicola, Lernea, Columnaris og andre bakterier som Edwardsiella, Aeromonas og Pseudomonas.
Men mot Argulus, Lernea, Piscicola, Costia og Chilodinella er det mulig at ein må dyppe fisken for eit sikkert resultat. Dette er svært risikabelt da kaliumpermanganat er svært kaustisk. Det kan lett føre til svidde finner og gjeller. Derfor anbefalles det å ikkje bruke Kaliumpermanganat som dypp.

Behandling av dam med kaliumpermanganate.
Dette er ein mild og ufarleg behandling. Det er andre oppskrifter som er mykje kraftigare og dermed meir risikofylt.

Først kobler ein frå filteret for ellers kan bakteriene der stryke med i prosessen. Og det er ikkje så smart.
Pass på at det er god lufting og sirkulasjon i dammen. Så la pumpene gå og ha gjerne fontener, vannfall gåande samt ekstra lufting med luftpumpe.
Mål opp 2 gram KP pr. 1000 liter. Hvis du berre har store koi med skjell (ikkje doitsu) kan du doble dosen til 4 gram pr. 1000 liter. Små koi og doitsu tåler mindre. Ha den oppmålte dosen i ei bøtte og bland den godt i vatn. Pass på å bruke hansker, briller og gjerne klær du ikke er redd for å søle på. Fordel dosen jevnt rundt i dammen. Pass på at det blander seg med alt vatnet.
Når KP er i vatnet begynner den å ete opp organiske molekyler og avfall, fiskeavføring og trådalger.
Når KP har brukt opp energien (etter få minutt hvis dammen er tungt lasta med organisk materiale) vil den forandre farge frå purpur til tefarga, oransje eller brun. Då kan ein koble til filteret att uten at det tek skade.
Neste dag starter ein andre behandling på samme måte. Husk å koble frå filteret før kvar behandling.
Her skal ein legge merke til at purpurfargen held seg lengre enn dagen før. Når dammen skifter til andre farger kan ein igjen sette i gang filteret og skifte ut deler av vatnet i dammen.
Tredje dag skal du nok ein gong koble frå filteret, ha KP i dammen som før. Denne gongen vil den purpur røde fargen holde seg endå lengre. Det er gjerne no at sopp og Gyrodactylus begynner å få problem.
Den fjerde behandling kan pågå i over 3 timar før dammen skifter frå purpur. No dør sopp, bakterier og Gyrodactylus.
Hvis den tredje eller fjerde behandlingen er purpur for meir enn 8 timar så treng ein ikkje fleire behandlingar. Ellers tek du ein 5. behandling. Bytter ut 40% av vatnet. Etter det vil dammen lukte ferskt reint vatn, fiskane vil ha klare fine fargar og god apetitt.

Dosering Ikkje meir enn 2-5 mg pr. liter. Dette vil f.eks. sei at ein dam på 1000 liter treng 3 gram kaliumpermanganat hvis ein skal ha ei oppløysing på 3mg pr. liter

Kaliumpermanganat kan også veldig bra til rensing av sår ved at ein lager ein pasta av pulveret.

Kort sagt er dette eit vidundermiddel som kan brukast mot det meste. Etter siste behandling med KP kan ein bruke Hydrogenperoksid til å klarne det brune vatnet fortare.

Når en behandler en dam med kaliumpermanganat (KP) har en i bestemte mengder etter vannvolum i dammen. Men også etter mengde organisk materiale i dammen fordi KP oksyderer dette først. En kan regne ut hvor mykje organisk avfall (KOF = Kjemisk Oksygen Forbruk.) det er i dammen ved en test med kaliumpermanganat. Kaliumpermanganat brukes til å oksydere det organiske materialet og en ser ved fargendring mengde Kaliumpermanganat som må til i et gitt tidsrom.