Antibiotika

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Karantene: Sårbehandling | Salt | KP | Anestesi | Antibiotika | Injeksjon

Det er fire ulike måtar me kan behandle sjuk fisk med antibiotika:
Via vatnet
Via fóret
Via oral
Via injeksjon

Antibiotika i vatn
oksalinsyre er ein av dei få antibiotikum som går inn i fisken gjennom vatn.
Etter 3 dager vert oksalinsyre dødelig for fisken og 100% skifte av vatn er nødvendig.
Ein kan ikkje behandle ein fisk med oksalinsyre på fleire månader etter ein behandling. Biofilteret dør så pass på ammoniakk nivået. Ved behandlig med antibiotika i vatn er det kanskje best å ha fisken over i eit kar så filteret ikkje tek skade.

Antibiotika i fór
Fór med antibiotika kan du lage ved å bløyte opp synkepellets i antibiotika oppløyst i vatn. Eller blande antibiotika i gelatin og avkjøl, eller blande det i fóret f.eks. oksehjerte og rulle den i olje for å holde antibiotikaen i fóret når det er i vatnet. TMP-4 og oksalinsyre er bra å bruke med fór. Erythromycin brukes mot staphilicoccus eller streptococcus (grampositiv bakterie). Nesten alle all pathogene bakterier er resistent til Tetracycline.
Problemet med denne metoden er at den ikkje fungerer ved infeksjon som sprer seg raskt, fungerer ikkje hvis fisken ikkje et, og fungerer ikkje i kaldt vatn.

Oral
Den beste måten er å gi fisken antibiotika via oralåpning; (munnen). Dette gjer ein ved å stikke ein gummislange ned i spiserøret på fisken. Her bruker ein et kateter og ei spøyte.
Pass på at slangen er såpass stiv at den ikkje bøyer seg når den skal ned gjennom muskelen i svelget.
Pass og på at slangen går rett ned og ikkje kjem ut gjennom gjellene!
Antibiotikaen knuses i morter og ein kan blande denne med litt fór. Lag ikkje større porsjon enn 3 ml.
Tykkelse på slangen varierer med størrelsen på fisken. F.eks. ein fisk på 15 cm treng ein lange med diameter 2-3mm.

Injeksjon
Dette er det helst dyrlegen som tar seg av. Men hvis du har tilgang på utstyr sjekk injeksjon her.