Salt

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Karantene: Sårbehandling | Salt | KP | Anestesi | Antibiotika | Injeksjon

Salt – Natriumklorid (NaCl)

Salt er god medisin. Det er dessuten billig og er skånsom mot både fisken og filteret ditt i motsetning til mange andre medikament. 0.3% salt tek knekken på ei rekkje parasittar. Det reduserer og problemet med opptak av giftene ammonium og Nitrit. Det gjer at fisken produserer meir slim på kroppen som igjen beskytter mot parasittar, og gjer at åpne sår vil gro fortare, og hindrer dessuten fisken å ta inn for mykje vatn f.eks. under stress (osmose). Einaste bakdel med salt er at det reduserer okygenet i dammen. Men det er ikkje snakk om store utslag. Eindel alger vil stryke med ved behandling og resultere i mindre oksygen i ein kort periode. Ein anna ting er at nå fisk gisper ved overflaten ved saltbehandling er dette fordi den kan være sterkt angrepet av parasitter, f.eks. costia. Den har problem med gjellene inntil deler av gjellene som fungerer klarer å tilpasse seg saltet og slimet. Det er ikkje farleg. Det er berre å sette opp sirkulasjon og luftpumpe.

Koi tåler salt bra. Eindel andre fisk tåler salt mindre. Dette gjelder enkelte akvariefisker. Plantene i dammen er heller ikkje så tolerante for salt, men dei fleste tåler det bra hvis ein doserer over 48-72 timar. Men det er best å ta ut plantene hvis ein skal bruke 0,3% konsentrasjon salt. Ein konstant saltmengde på 0,1% salt i dammen heile året gjer ingen skade på hverken fisk eller planter. Den største dammen vår er på ca. 35 000 liter d.v.s. at den ville trenge 35 kg salt. Tilsvarande for 0,3% vert heile 105 kg salt!
Det er ikkje alltid lett å sei nøyaktig kor mykje salt det er i dammen. Etter vatnskifte og regn o.l. Men ved 0,3% skal ein kunne smake litt salt av vatnet. Det finnes imidlertid saltmålere å få kjøpt.

Saltbad mot parasittar.
Her bruker ein sterkare blanding som heilt opp til 5% salt, men mest vanleg bruker ein frå 1 – 3% alt etter det ein skal behandle fisken mot. Fisken settes ned i «saltlaken» heilt til fisken viser svakhetstegn, men før den bikker over. Det tek rundt 7-10 minutt, mindre hvis fisken stresser. Pass på! Ta fisken ut og gjenta saltbadet etter 12 timer. Tredje og siste bad gjentas etter endå 12 timer. Det er viktig å gjenta behandlingen. Spesielt for mindre fisk som ikkje klarer så lang tid i saltet som større fisk. Husk det er parasittane me skal drepe, ikkje fisken. Hvis den under behandling skulle legge seg over på siden ta den straks ut og hold den på rett kjøl i tanken over ein luftestein.

Salt tek knekken på fleire parasittar
Trichodina og Costia som og er velkjent innan oppdrettsnæringa, blir ofte behandla med formalin. 0,3% salt er imidlertid et godt og reint alternativ. Japansk Trichodina må ha 0,6% salt. Dette fordi den har utvikla resistens mot salt etter langvarig bruk av salting i Japan. Chilodinella, Epistylis, Scyphidia og Glossatella fjernes med 0,3% salt.
Ichthyophthirius vil forsvinne etter 3 dager ved temperatur opp i 25 Celsius.
Tetrahymena kan fjernes frå såroverflater. Gyrodactylus og Dactylogyrus, 30%-40% reduksjon etter 14 dager med 0.3% salt. Her må det altså sterkere lut til for å bli kvitt heile problemet. F.eks. Potassium Permanganate (Kaliumpermanganat).

Saltdosering;
0.1% salt er 1 gram pr. liter vatn (til dam)
0.3% salt er 3 gram pr. liter vatn (til behandling mot parasitter, bakterier)
0.6% salt er 6 gram pr. liter vatn
1.0% salt er 10 gram pr liter vatn

Til dypp og korte saltbad
2.0% salt er 20 gram pr. liter vatn
3.0% salt er 30 gram pr. liter vatn
4.0% salt er 40 gram pr. liter vatn
5.0% salt er 50 gram pr. liter vatn

Valg av salt
Ein får kjøpt jozo havsalt i pakker på 4 kg i butikken. Dette saltet har me brukt i dammane våre inntil no i den tru at dette var reint salt uten tilsetningsmidler. Det viser seg imidlertid at det har vært dårlig merking av innholdet i dette saltet. Dei nye pakkene i butikken oppgir at det er tilsatt stoffene E535 (Natriumferrocyanid) og E536 (Kaliumferrocyanid) som er eit antiklumpemiddel.

Eg tok ein prat med Akzo Nobel Salt og blei fortalt at alt salt er tilsatt antiklumpemiddel, sjølv bordsalt og at det ikkje er påvist at dette er skadeleg.
Dei kunne også fortelle at Japan nektet å ta i mot fisk som var saltet med dette saltet. Det blei derfor importert eget salt uten antiklumpemiddel (broxo), men det seies at Japan måtte gje seg på dette kravet. USA er heller ikkje begeistra for det norske bruken av salt med dette antiklumpemiddelet på fisk.
Organisasjonen Nei til salting av norske veier hevder at disse tilsetningstoffene er skadelig for norsk natur.

Ein får kjøpt salt uten cyanid. Salttabletter er det som tilbys. Dette brukes til vannforbedring og skal ikke være tilsatt noe skadelig. Saltet er presset sammen ved kraftig trykk til tabletter. Dette saltet vil løse seg seinere opp enn finsalt og det grovere havsaltet, men det går heilt greit.
Hvis ein bruker mykje salt i dammen (vår og høst salting) kan det være ein fordel å unngå desse tilsetningsstoffa. Hvis ein vil ha uten tilsetningstoff kan ein få dette gjennom ein saltimportør, f.eks. salttabletter som er reint salt og kun mekanisk pressa under sterkt trykk til tabletter. Ein 25 kg. sekk koster ca. kr. 100,-
I Bergen er det Norske Saltkompagni med salttabletter frå Holland og Rolf Olsen importerer frå UK.
Hvis ein ikke er så fanatisk som eg i dette tilfellet, kan ein bruke alle typer salt beregnet på menneskeføde berre det ikkje er tilsatt jod eller andre mineraler.
Parasitter, bakterier, alger mm.
0.3% tar knekken på dei fleste parasitter. 0.5% til 1.0% brukes i meir alvorlige tilfelle som f.eks. bukvassot. Høg dosering av salt kan brenne fisken. Men ved svært angrepen fisk kan eit kort bad med 3% til 5% hjelpe. Salt fjerner også trådalger.

Eksempel på behandling med salt:
Sopp: 2% saltbad (20gram pr. liter) 15 minutt dagleg
Bakterie infeksjon: 2,5% saltbad (25 gram pr. liter) 10 hver dag.
Parasitter: 2.5% saltbad (25 gram pr. liter) 10 minutt hver 3. dag.