Sårbehandling

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Karantene: Sårbehandling | Salt | KP | Anestesi | Antibiotika | Injeksjon

Lokal Sårbehandling

Sår på koi er så mangt. Koi kan f.eks. skrape seg opp på skarpe kantar i dammen. Eller få skader under leik på sommaren. Dette gå ofte greit og leger seg utan at me treng å gripe inn. Andre sår kjem svært ofte etter angrep av parasittar. Ja, faktisk dei fleste tilfeller av sår på våren skyldes angrep av f.eks. Gyrodaktylus parasitten. Så har ein slike problem skal ein sjekke om det er parasitter på fisken. Slike sår gå det seg ofte infeksjon i. Då må ein fange fisken inn snarast og ha den i ein eigen tank for vidare behandling.
Hvis fisken er liten kan ein behandle såret utan bedøving. Større fisk vil sprelle kraftig og det er vanskeleg å holde den roleg. Den kan lett få meir skade av slik behandling. Difor er bedøving absolutt best i slike tilfelle. Ha alt klart innan du starter behandling slik at det kan gå fort og greit. Det er veldig viktig at ein får rensa såret for bakterier og dødt vev. Ellers vil såret berre vekse og vekse til fisken tilslutt dør. Så dette må ein gjere hvis ein vil redde fisken og det er ikkje vanskeleg å få til har ein først prøvd det. Det er óg ein fordel å flytte fisken til varmare vatn. Dette fordi såret vil gro fortare. Ei sakte heving av temperaturen i tanken opp til rundt 25 grader som er den beste temperaturen for groing av sår. Det er nok til at immunsystemet er oppe og går samt at det gjev ein litt seinare og betre heling av såret enn om ein f.eks. hever temperaturen opp til 28 grader som vil få sår til å gro svært fort og det er ikkje alltid det beste. Hvis ein strir med ein vond bakterie og fisken helst skulle hatt antibiotika men du ikkje har ein veterinær i nærheten til å hjelpe, er beste alternativ varme opp mot 30 grader og salting på 0,6 %.

Unngå skarpe kantar eller steinar i dammen som fisken kan skade seg på.
Ein må heller ikkje gløyma dei andre fiskane i dammen. Sjekk vasskvaliteten. Rens opp og skift ut vatn. Sjekk for parasittar. Fór med c-vitamin og skikkeleg kraftfor. Sjå nøye etter når du matar om det er fleire som har utvikla sår. Hvis det ser ille ut så kan du kontakte dyrlege for behandling. Dyrlegen vil ta prøve frå det infiserte vevet og få det undersøkt ved veterinærinstituttet og finne typen bakterie og behandlingsmåte. Resultatet kjem etter ei veke. Det er lang tid og fisk kan dø så det kan vere lurt å starte ein bredspektra antibiotikakur med det samme. I ein slik situasjon er behandling av heile dammen med kaliumpermanganat eit alternativ. Det vil til ein viss grad rense sår og drepe ev. sopp og bakterier samt parasitter i dammen.

Fisken bør få c-vitamin i maten. Gi den f.eks. spinat, tomat og andre mørkegrøne grønsaker. Erter er dei svært glade i. Evnt. knus ein c-vitamin tablett og bland litt av dette i knust pellets tilsatt litt vatn. Rull ei pølse av dette og kutt opp i små nye pellets. Desse vil synke ned men det er ikkje et problem. Ein må lage nye pellets kvar dag for c-vitamin mister effekt når det kjem i kontakt med vatn.
Det er ulike meiningar om kor mykje c-vitamin ein kan gi koi pr. dag. Alt fra 15 mg pr. kilo fisk til 150mg pr. kilo fisk. Uansett er det lurt å holde seg innafor desse grensene. Ein tablett inneheld vanlegvis 200mg.

Lokal sårbehandling.
Er noko dyrlegen ofte ikkje tilrår. Mest p.g.a. det heftige stesset det påfører fisken under håndteringa. Men det kan stå om livet hvis ein lar være. Rensing av infiserte sår er viktig!
Anestesi vil spare fisken for stress og evnt. smerte ved behandling, men det er ein annan risiko så hvis du kan håndtere fisken uten bedøvelse så gjer det.
Har du nokon som kan hjelpe deg med å holde fisken i ro skulle dette gå bra. Pakk den inn i eit vått håndkle e.l. Dess større fisk dess vanskelegare blir det.

Rensing av infiserte sår
Pass på at det du brukar til rensing ikkje kjem på gjeller eller i augene på fisken.
Du renser såret grundig ein gong med betadin (antiseptisk væske fås kjøpt på apotek men er reseptbelagt). Så hvis det er vanskeleg å få fatt på kan ein bruke 7% jod eller lag ein pasta av kaliumpermanganat pulver. Dette bruker me og det fungerer kjempebra. Men husk beskyttelse mot sprut (bruk briller og klær du ikkje er redd for). Bruk hansker. Dette er viktig under all behandling av infiserte så. Har du ein rift i ein finger kan du få bakterier inn som kan gje deg også ein heftig infeksjon.
Rensing: her skal du gå hardt fram. Eg bruker ein Q-tips og har litt kaliumpermanganat i eit pappkrus med nokre dråpar vatn i. Skrubb rundt i såret til det Nærmast blør. Ta vekk skjell hvis dei tekkjer deler av såret eller skrubb godt under.
Skrubb for å få vekk sjukt vev og for å komme inn til det friske vevet. Dette kan virke brutalt når ein heldt på, men er viktig for at dette skal gå bra.
Ein skal berre rense såret godt ein gong så vær nøye med rensinga.

Kaliumpermanganat er eit desinfiseringsmiddel som har fleire bruksmåtar både på koi, planter og dam. Egnar seg også godt for reingjering av sår. Lag ei tjukk masse av litt pulver og nokre dråper vatn. Skrubb det på såret. Det ser fælt ut etterpå, men det er p.g.a. fargen. OBS! bruk hanskar! Neste dag er fargen vekk og såret er gullande reint. Forsegl deretter såret med orabase. Dette får du kjøpt i butikker under syke- og helsepleieartikler i gule sider.
Ellers har me god efaring med flytande propolis i 50% kosentrat. Det finns mange gode produkt til dette formål på markedet. Gjenta behandling med påsmøring av orabase kvar dag og etter to til tre dager skal det ha komme ei skorpe over såret. Sjå etter at det ikkje er noko grått eller gult i såret.

Her ser du behandling av eit stort bakterieinfisert sår på ein Japansk Soragoi våren 2003.
Bilde 1. Eit infisert sår med puss.
Bilde 2. Eit godt reingjort sår med kaliumpermanganat.
Bilde 3. Etter bruk av orabase. salve på såret.
I tillegg fekk fisken injeksjonar med Baytril hos dyrlegen.