Injeksjon

Vatn | Symptom | Bakterier | Parasitter | Sopp | Virus | Karantene
Karantene: Sårbehandling | Salt | KP | Anestesi | Antibiotika | Injeksjon

I dei fleste tilfeller er det injeksjon med antibiotika. Antibiotika får du hos dyrlegen. Det er mange ulike antibiotikum som vert brukt på damfisk. Nokre vert kun servert i fòret, andre kun injeksert og nokre fungerer både som fórtilskudd, i bad og injeksjon. Eksempler på nokre: Amikasin, Azactam, Kloramfenikol, Doxycyklin, Baytril, Erythro, Florfenikol, Flumequine, Furazolidon, Kanamycin, Lincocin, marbofloxacin, neomycinsulfat, Aquafuran, Oksolinsyre, Oxytetracyklin og Trimethoprim.

Mange av oss har eit noko anstrengt forhold til sprøyter i det heile, men når din favoritt koi har sår som berre vert værre uansett kva du gjer, er det på tide å handle hvis du ikkje vil miste fisken.
Det å sette sprøyte er ikkje vanskeleg. Dyrlegen kan vise deg dette. Men det er ikkje er heilt ufarleg. Fisk kan bli livstruande skada eller ha varige men etter eit lite stikk. Det finns også bivirkningar frå antibiotika.
Her må ein altså vurdere risikoen mot fordeler. Ein reknar at 5% av fisk som får injeksjon vil bli skadd eller døy. Risikoen minskar etter ein får meir erfaring. Me har aldri mista ein koi etter injeksjon.

Dei fleste dyrleger har ikkje peiling på fisk og er sikkert skeptisk til å la deg sette sprøyte på fisken. Det er ofte reseptbelagt medisin som antibiotika ein treng, og det skal ein gjerne ha litt kontroll på rett bruk av. Men har du ein dyrlege som du har eit godt forhold til kan det la seg gjera at du får prøve dette. Slik kan du spare masse penger og ikkje minst fisken for ekstra stress med transport til og frå dyrlege. Oppgi størrelse eller vekt på fisken og du få dosering etter dette.

Det kan vera vanskeleg er å finne rette antibiotika mot den infeksjonen fisken har. Dyrlegen vil gjerne ta prøver av fisken. Sjekke om det er parasittar eller sopp. Prøver frå sår og vatn vert sent inn til veterinærinstituttet for framdyrking av evnt. bakterier. Dette tek ei veke og tid er noko ein ikkje har i mange tilfelle.
Dessutan kan det hende at ein ikkje blir klokare på resultatet av prøvane nå dei kjem. I teorien er dette rette måten, men i praksis er det ikkje alltid ein har tid. Sjukdomen har komme for langt innan ein tenkjer på siste utvei, antibiotika. Så i dei tilfeller ein ser at her må ein handle raskt bør ein straks prøver med eit bredspektra antibiotika og ser om det er betring etter tre dagar. Hvis ikkje prøv eit anna middel.
I dei aller fleste tilfelle vil det virke. Baytril er mykje brukt. Sett sprøyta i buken som vist på bilde. Hvis buken er full med egg, sett sprøyta i muskel. Ikkje sett sprøyter på koi under 15 cm.
Val av sprøyte
Alt etter mengde som skal injekteres. 5ml og større ligg stødigare i handa enn f.eks. 1ml. sprøyter. Kanyle 25 gauge (0,3mm) og sprøytespiss lengde ca. 2cm. Doseringseksempel med baytril: 25 cm koi – 0,3ml baytril.

Sprøyta kan settes enten intra-peritoneal (i bukhola), Intra-venøst (i blodet) eller Intra-muskulært (i muskel).

Fang fisken forsiktig for å unngå stress. Hvis fisken kaver på i håven la den gå og prøv litt seinare.

Gullfisk er lette å holde i ro med hode og gjeller under vatn. Dei ligg roleg når dei ligg på rygg.
Koi er det litt verre med. Du kan ha dei i ein plastpose for å holde dei i ro og dekke til augene. Ein kan bedøve fisken hvis alt dette er vanskeleg. Dermed unngår ein skader ved sprelling og ein kan betre behandle ev. sår samtidig. Du kan f.eks. bruke Nellikolje som du får på apotek, eller Phenoxythol som du finn i nettbutikken vår. Meir om bedøving.

Intra-peritoneal: Sett sprøyta i buken midt mellom analåpning og gattfinnene. Litt til side for sentrum. Putt nåla under eit skjel med ein vinkel ikkje større enn 45 grader. Tenk deg at nåla skal sikte mot fiskens munn. Antibiotikaen kjem dermed inn i bukhola. Sprøyt inn medisinen rask og trekk nåla ut.
Dei fleste skadene oppstår hvis fisken beveger seg når nåla er inne.